Kraftig varsko frå fylkesutvalet

Av
DEL

LeserbrevVenstre krev at fylkesutvalet kjem med eit kraftig varsku i sjukehussaka under todagers fylkesutval i Molde komande mandag og tysdag. Vi vil invitere dei andre partia til å vere med på ein uttale. Denne må innehalde:

1. Det er eit svik å starte funksjonsfrodelinga mellom Kristiansund og Molde før nyesjukhuset er på plass ved å flytte Fødeavdelinga frå Kr. Sund. Barneavdelinga kan bli det neste. Og Molde sjukehus i dag er ikkje eigna til flerie pasientar/pasientgrupper. Vi forstår fortviling og kjnesle av å bli overkøyrde. Det føler vi fylkespolitikarar også.

2. Helseforetaket kan ikkje legge ned Aure  og Mork utan at det er etablert erstatning for dei som skal inn i livet igjen eller få ein betre kvardag etter slag,ulukker eller kronisk sjukdom. Kommunane er ikkje i stand til å erstatte dette. Det er også eit brot på samhandlinga mellom Helseforetak og kommunane.

3. Vi trur ikkje lenger at Helse Møre og Romsdal greier å kome i balanse utan heilt andre tiltak. Meir medisin av den same som har vore gitt no i fleire år, hjelper ikkje. Nedskjeringar som i neste omgang utløyser innkjøp av vikarar/ konsulentar  eller flerie kontrollørar hjelper ikkje. Fagfolka må inn for å vere med på å legge ein plan for drifta.

4. Det må kome ei grundig utgreiing om Magnussenmodellen. Er den rettferdig i fordeling mellom  helseforetaka og innad i foretaka?  Og er det pengar nok til å drifte den spesialisthelsestandarden vi har lagt oss på?

5. Helseforetaksmodellen har utspelt si rolle. Det er ingen å stille til ansvar anna enn helseministeren , og han vil forståeleg nok ikkje ta i saka. Gjer han det veltar han modellen. Dette skaper frustrasjon hos folk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags