Atomvåpen og symbolpolitikk

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Denne Nobelprishelga har vi fått ei skikkeleg påminning om atomvåpna og det trugsmålet dei representerer for oss alle og for alt liv på kloden vår. Og for dei av oss som har vore aktive i striden mot atomvåpen sidan 1970-talet, er det kjekt å sjå at nye krefter har kome til, og nytt folkeleg engasjement, ut frå nye, men likevel kjente - argumentasjonsrekker. For uansett kva atommaktene og deira støttespelarar seier: atomvåpna er ikkje noko fredsverktøy eller forsvarsvåpen, ingen kan sove trygt under atomparaplyen.

Så «forsvarsalliansar» som attpå til bygger på førsteretten til å bruke atomvåpen, bør snarast råd legge om forsvarsstrategien sin. Det er berre slumpelykke som har gjort at atomvåpna ikkje har vorte brukt etter 1945 – og faren for ulykker og menneskelege glippar er stadig påtrengande – og ikkje minst i vår tid med fleire ustabile og upålitelege politiske leiarar.

Så derfor er det trist å registrere den spagaten den norske regjeringa og atomvåpen-partia også i vårt land har demonstrert denne Nobelpris-helga, slik vi høyrer Høgre-statsministeren vår kommentere prisutdelinga i media, eller lokalavisa Tidens Krav formulerer seg (9/12-17) om eit atomvåpenforbod: Krav om eit internasjonalt forbod mot atomvåpen dreier seg berre om ein papirtiger og om symbolpolitikk.

«Svaret burde gi seg selv», heiter det i ein negativ kommentar til spørsmålet om for Noreg å utgreie å signere FN-traktaten om atomvåpenforbod. Både globalt og nasjonalt er vi heldigvis stadig fleire som er samd om at «Svaret burde gi seg selv.»

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken