Tre myter og tre gode grunner til å stemme Venstre

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevEtter ein lang valkamp har vi berre nokre få dagar igjen til valdagen. Som stortingskandidat og lokalpolitikar for Venstre, vil eg gjerne presentere tre myter som har vore ein gjengangar heile valkampen, samt tre gode grunnar til at nettopp du skal stemme Venstre. Vi kan byrje med mytane;

«Ei stemme til Venstre, er ei stemme til FrP»

Eg svergar, hadde Venstre fått ei stemme for kvar gong dette har blitt sagt, så hadde Trine Skei Grande blitt statsminister etter valet. No skal eg påstå noko som kanskje overraskar mange: ei stemme til Venstre, er ei stemme til Venstre. Heilt utrulig, men slik er det altså. Eg synes det er trist at folk er redde for å stemme på det partiet dei er mest einig med – på det grunnlaget at ein er redd for ei evt. regjeringssamansetning. Det aller viktigaste er å stemme på det du er mest einig med. Nettopp for å styrkje det partiet som representerer dei verdiane du står for. Dei små partia er ein utruleg viktig del av det norske demokratiet, difor er det utruleg viktig å styrkje desse slik at ein får ein vid representasjon av verdiar og politiske standpunkt inn på Stortinget.

«Det er bortkasta å stemme på dei små partia»

Eg har vore i mange politiske diskusjonar der det har vore nemnt at å stemme på eit lite parti, som f.eks. Venstre er, er å kaste vekk stemma si. Der er eg ueinig. Uansett kvar småpartia plasserer seg på den politiske skalaen, gjer desse ei viktig rolle i å sørgje for at dei folkevalte representerer heile befolkninga. Venstre, som er eit parti med rundt 5 prosent oppslutning, har som støtteparti for regjeringa fått gjennomslag for 17 av 31 valløfter, 12 er delvis gjennomført og berre 2(!!) er ikkje gjennomført. Dette viser at sjølv små parti kan få gjennomslag for sin politikk. Det er difor like viktig å gi si stemme til dei små partia – dersom det er dei du ønskjer å stemme på.

«Venstre er eit distriktsfiendtlig parti»
I løpet av denne stortingsperioden har ei rekke reformer vore satt i gang. Av dei mest omdiskuterte finn vi kommunesamanslåing. Som tilhengar av kommunereforma har Venstre blitt omtala som eit distriktsfiendtlig parti. Som eit sosialliberalt parti ønsker Venstre å styrkje lokaldemokratiet, ved å flytte makt frå Stortinget og ned til dei lokale folkevalte. Dette fordi det er nettopp dei lokale folkevalte som er best hendt til å ta avgjerder i sitt eige samfunn. Stadig meir kompliserte og kompetansekrevjande offentlege tenester gjer at vi treng færre og større kommunar, slik at kommunane kan levere best mogleg tenester. Kommunereforma er dermed ikkje ei distriktsfiendtlig reform – det er ei reform som effektiviserer og sikrar kompetanse slik at kommunane i større grad skal kunne ta fleire eigne avgjerder, og i å flytte meir makt til lokaldemokratiet og gi borgarar meir innflytelse i eigen kvardag.

No når vi har fått avklara dette, skal eg gi deg tre gode grunnar til at du bør stemme Venstre i årets stortingsval:

Pål Farstad

Eg kunne ha stoppa med denne eine grunnen. Pål Farstad er ein utruleg dyktig politikar, som har jobba på for Møre og Romsdal på Stortinget dei siste fire åra. I Pål Farstad har man ein stortingspolitikar som lyttar til veljarane, og som jobbar på for å sikre auka vekst og vilkår i fylket. Han har utruleg stor påverknadskraft, og som medlem av Næringskomiteen denne perioden har han bevist dette. Dersom du ønsker å ha ein mann på tinget som ser muligheitene innanfor grønt reiseliv, som vil jobbe for reint hav, og som vil vere med på å sikre rettigheitene til dei som ønsker å satse på eigne idear og skape sin eigen arbeidsplass – så må du stemme Venstre og få Pål Farstad inn på tinget igjen.

Miljø og entreprenørskap

Miljø er ei utrulig viktig kjernesak for meg og for Venstre. Norsk natur er fantastisk fin, og den har lagt grunnlaget for velferda vår – men den er sårbar. Vi er nøydt til å ta ansvar, og sikre at generasjonane som kjem etter oss skal få nyte same rikdommen som oss. At dei får puste inn den same, friske lufta, at dei får nyte dei same naturopplevelsane, og at dei får det same grunnlaget for mattryggleik, vekst og velstand som det vi har hatt. Venstre ønskar å vende Norge i ei meir berekraftig og miljøvennlig retning, og å omstille et samfunn som har bygd si velferd på fossile energikilder, og å bygge eit mangfoldig, konkurransedyktig og grønt næringsliv. Då er vi heilt avhengig av menneske som tenkjer utanfor boksen, som er opptatt av å utvikle nye produkt, finne nye løysingar, og skape ny aktivitet, og av at desse tørr å satse på ideane sine. Difor ønsker vi å sikre rettigheitene til gründarar, slik at fleire skal tørre å skape framtidas arbeidsplassar. Det skal vere så enkelt og billig å velge miljøvennlige løysingar, at det er det beste alternativet du har. Skal vi klare å nå klimamåla våre er vi avhengig av eit sterkt Venstre inn på Stortinget, så dersom du ønska å vere med på å sikre at dei generasjonane som kjem etter oss får same, gode vilkåra som oss, bør du stemme Venstre.

Skule, barn og oppvekst

Alt starta i skulen, meiner Venstre. Med det meiner vi at det er dei som går på skule no som skal løyse framtidas utfordringar. Det er kva ditt barn lærer på skulen i dag som bestemmer om dei kan nå sine drømmar som vaksne. Ein god skule er ein skule der barna trivast. Alle barn fortenar lærarar som gir dei moglegheit til å skape si eiga framtid. Derfor ønska Venstre å sørgje for at vi får fleire, og meir kunnskapsrike lærarar. Blant anna gjennom å forlenge lærarutdanninga, auke inntakskrava, samt å tilby vidareutdanning/etterutdanning til fleire. Læraren skal bruke mindre tid på byråkrati, og meir tid til elevane – slik at han og ho kan sjå den enkelte elev. Fleire helsesøstrer og meir spesialpedagogisk kompetanse må inn i skulen, slik at vi kan sikre betre oppfølging for dei som treng ekstra hjelp. Dersom du ønsker å sikre ein trygg og god skulegang for komande generasjonar, bør du stemme Venstre.

Bli med oss på lag med framtida – stem Venstre, og stem Pål inn på tinget!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags