Kommunale bygg i Tingvoll

Av
DEL

MeningerI formannskapsmøte sist tirsdag hadde vi ei sak om omsorgsboliger og nye boliger til brukerne av habiliteringstjenesten. Ei arbeidsgruppe hadde arbeidd med saka og rådmannen innstilte på deira løysing. Den gjekk ut på å flytta ut dei som bur i omsorgsbolig i Kveldheim for så å totalrenovere bygget til færre boliger og så flytte beboarane frå Trøa bofellesskap til Kveldheim. Og så flytte dei som er midlertidig ute frå Kveldheim til Trøa…..

KrF har fleire innvendingar mot dette. For det første meiner vi at dette blir ikkje ei fullgod løysing for dei som i dag bur i bofellesskapet og dei som står på venteliste for å få plass. For det andre gjev det unødig uro for dei eldre i Kveldheim med å måtte flytte ut hit og dit, for så etterkvart å skulle flytte inn i Trøa som dei andre forlot utan at der blir gjort noko med bygget.

For det tredje så har vi svært dårleg erfaring med kostnadsoverslag på renovering og flytting slik som vi gjorde med Larsbakken, Rossbachhagan og Vonheim. Det vart over det doble av berekna kostnad som låg til grunn ved vedtak.

KrF har eit heilt anna forslag: Vi vil byggja eit nytt bofellesskap til våre noverande og framtidige beboere. Og vil vil at det skal vera sentrumsnært slik at beboarane etter evne kan delta i det som skjer der. Vi har akkurat starta eit tettstadsprosjekt i Tingvollvågen og for å lukkast med det er det svært viktig at vi med kommunale investeringar skapar eit aktivt sentrum.

Når det gjelder omsorgsboligane i Kveldheim vil vi foreslå at vi brukar litt pengar til små oppussing spesielt med kjøkken i dei boligane vi leiger ut. Men vi ser at vi heilt klart har for mange tomme omsorgsboligar . Derfor vil vi foreslå å seksjonere/dele bygget i to midt på der eine halvdelen der det er heis etter litt oppussing fortsatt blir eldreboligar som i dag. Medan andre delen blir utleigd til ungdom som vil ha sin første bolig eller andre som brått treng husrom. Alternativt at seksjonen blir solgt. Og etter at bofellesskapet flyttar ut blir i alle fall Trøa solgt.

Vi registrerte i formannskapet at vi ikkje kunne få fleirtalet med oss, - derfor vart vi med på eit fellesforslag der administrasjonen kjem att til oss med eit nytt kostnadsbilde der også vårt forslag om nybygg blir vurdert.

Tingvoll KrF har i denne saka lansert eit kinderegg som er best for beboarane og dei ansatte på Trøa, best for dei eldre i Kveldheim, ei kjempeløysing for tettstadsprosjektet og på lengre sikt det beste for økonomien til kommunen. Økonomi handlar som kjent om både utgifter og inntekter, - og i denne saka kan kommunen vera ein motor i sentrumsutvikling.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags