Fritidsboliger i Tingvoll sentrum

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevI innlegget «Tomme hus venter ofte på en eier» i TK gir Chris Hagen tilsvar til et leserbrev som reiser spørsmål om hvor mange fritidshus vi tåler i Tingvoll sentrum.

I innlegget sitt ber Chris Hagen oss om ikkje å gje dårleg samvittighet til dei som ønsker å ha ein fritidsbolig i Tingvoll sentrum. Formålet med å reise denne diskusjonen er definitivt ikkje det. Men vi må våge å sjå konsekvenser av valg. Vel vi at det skal væra fritt fram for fritidsboliger i Tingvoll sentrum vel vi bort noko anna.

For at ein kommune skal kunne gje gode tilbod til sine innbyggerar må den ha inntekter. Det koster å ha gode barnehager og skular, og ein god eldreomsorg. Det koster å ha eit godt bibliotek, svømmehall og mange andre kommunale tilbod. Og det koster å utrede og å bygge ut nye boligfelt fordi det er få attraktive boliger igjen i sentrum. Dette dekkast ikkje av kommunale avgifter og eigedomsskatt som eigarar av fritidshus betaler. Kommunen treng fastbuande innbyggerar som betaler inntektsskatt for å gje eit godt tilbod til noværande innbyggerar og folk som ønsker å flytte hit. Enkelte «grender» i tettstedet Tingvoll bærer no meir preg av å væra ei hyttegrend enn eit levande samfunn der folk bur. På berre ein generasjon har denne utviklinga gått fort. Tør vi tenke konsekvensane for kommuneøkonomi og tilbod for dei som bur på Tingvoll, om denne utviklinga fortsett i same takt i neste generasjon? Tør vi tenke konsekvensane om ikkje berre ordet «fritid» skal væra hellig som Chris Hagen skriv i sitt innlegg, men at og retten til å ha eit «fritidshus» i Tingvoll sentrum skal være hellig?

Slik det no er slepp vi å ta denne diskusjonen. Gjennom Kommuneplana for Tingvoll har politikerane vedtatt at det ikkje skal væra fritidshus i sentrumsområdet i Tingvoll. Spørsmålet no blir om kva kommunen skal gjera for å etterleve denne målsettinga. Og så blir det viktig å ta diskusjonen og utrede konsekvensane om kva situasjonen blir for innbyggerane i kommunen om kommuneplana ikkje blir fulgt. 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags