Kvifor eg har engasjert meg i Miljøpartiet dei Grøne?

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LeserbrevI dei seinare åra har eg bekymra meg meir og meir for framtida, vi lever no i eit samfunn som er tufta på forbruk og i framtida skal forbruket auke. I Noreg har vi god råd, og alle forventar at vi skal få enda betre råd, slik at vi kan handle enda meir, reise meir og endeleg - vera lykkeleg.

Men er det rett at vi skal frykte framtida (eventuelt oversjå den for dei som ikkje fryktar), eller kan vi tenkje at vi er her no for å vera med og forme den? Eg har i det siste forstått at eg kan velje det siste.

Det nærmar seg val, og det er mange område innafor politikken som er viktig for meg: innvandring, økonomi, skule, samferdsel og ei god eldreomsorg. Men eg meiner ein ting må ligga framfor alle desse punkta, nemleg miljøet. Eg vil sitere Erlend Loe frå Aftenposten 06. september 2015: «Hvis man, som jeg, tror at vårt forhold til den jorden vi bor på er nødt til å prege alle våre valg, fra dag til dag og fra time til time, følger det som en naturlighet at jeg vil ha mer radikale klimavalg, jeg trenger å se at noen lar miljøtankegangen sitte i førersetet og styre og gire og bestemme farten, og ikke i et barnesete i baksetet, bakovervendt mot et speil omkranset av artige, bedøvende farger.»

Oljenasjonen sin veg vidare

Vi må vera takksame ovanfor kva olja har gjort for Noreg, men no må vi tørre og tenkje at vi skal satse på noko anna. I Surnadal kor eg står på liste, er det ein del som arbeidar i oljebransjen. Det er flott for Surnadal, oljebransjen gjer at folk kan bu kvar som helst – og likevel ha ein jobb med ei god inntekt. Men Surnadal må tørre å tenkje på framtida her, kva kan desse kompetente og arbeidssame personane gjere her i bygda? Vi må tørre og tenkje at olja skal ta slutt, og at det ikkje nødvendigvis betyr katastrofe. Om vi tør å tenkje på framtida no, tør å vera med å satsa på andre næringar – så kan det hende framtida plutseleg byrjar å sjå lys ut! Og tenk på alle dei ungane som får begge foreldra til stades heile året, når tida med foreldra ikkje lenger er styrt av turnusordninga til Statoil. Kva desse næringane skal vera, det har vi ikkje svaret på enno, men vi må starte no med å oppmuntre og oppfordre til å tenkje annleis. Vi greidde å gjere oss til ein storslått oljenasjon, da må vi tenkje at vi kan slå oss opp stort på andre næringar også! Og det beste, Surnadal kan vera med som kommune.

Miljøpartiet tenkjer i eit langtidssperspektiv.

Eg blei født inn i eit tid der eg kan vera med å bruka opp jorda sine ressursar. Eg kan drikke champagne med venner natt og dag til fanden set kroken på døra, eg kan tømme godteskapet og flire hånleg av dei som kjem etter meg og ser at det er tomt, eg kan velje å leve utan frykt for framtida og likevel koma godt ut av det. Men kva med dei som blir fødd etter at godteskapet er tømt? Fosforreservane er brukt opp for lengst, CO2 nivået er skyhøgt i himmelen og havet har vorte surare enn nokon gong. Har eg rett til å bruke opp ressursane, berre fordi eg blei fødd på rett tidspunkt? Skal eg stole blindt på at det er nokon andre som ordnar opp i dette?

Mennesket har vore på jorda i hundretusenvis av år, dei siste 30 av dei har ting gått fort – og eg drøymer om at oljealderen snart kjem inn i historiebøkene. Lærarar skal i framtida undervise om den industrielle revolusjonen, men historia skal ikkje ende med oljealderen – den skal ende med det grøne skiftet (sjølvsagt i ein skule kor lærarane har god tid til å sjå kvar enkelt elev).

Vi må ha tru på framtida, og vi må ha tru på at vi som enkeltmenneskje kan vera med å forme den. Forskinga vil gjera store framsteg om vi som forbrukarar krev at framtida skal vera bærekraftig.

Bonden og liv i bygdene

Når eg er ute på tur i nærområdet, hender det ofte at eg får utsikt utover bygda mi, ei tilsynelatande veldig grøn bygd. Fine grøne og gule åkrar glinsar mot meg, og er blir glad av å sjå at bøndene er i arbeid. Mat er viktig for meg, trygg og sunn mat er viktig for meg og at vi verdset bonden er viktig for meg. Miljøpartiet i Surnadal vil gjerne høre kva som skal til for at bøndene tør satse på eit enda grønare landbruk, eventuelt også kva som hindrar dei i å gjera det. Vi skal ikkje arbeida mot bøndene, vi skal arbeide med dei, for utan bonden ser ikkje framtida lys ut. Eg gler meg til å vera med på ei spanande utvikling, eg gler meg til å vera eit skritt framom. Med Tingvoll som næraste nabo, har vi mykje kunnskap nært allereie. Og eit veldig viktig poeng, vi ønskjer å sjå bønder og menneskje i alle delar av kommunen.

Redusere tidsklemma

Folk stressar med å koma seg heim frå arbeid, samfunnet krev sitt, folk skal trene, skal køyre ungar på trening/øving og lage ein sunn middag til familien. Kva viss du syklar til arbeid i staden? -Da er du ferdig trena når du kjem heim. Kva viss ungane kan sykle til treninga? -Da kan du ta deg god tid til å lage middagen i staden og kanskje ungane blir meir sjølvstendige også? Miljøgevinsten er stor, tidsklemma blir mindre og folkehelsa blir betre. Det finns ikkje noko godt argument for ikkje å sykle. MDG Surnadal vil lage gode sykkelvegar som er trygge for alle. I tillegg vil du nok oppleve å få skryt mest dagleg, om du byrjar med dette – folk let seg lett imponere over folk som syklar i styggver, og er misunnelege når det er finver. Eg nyt det! Og ja, eg har råd til å køyre til arbeid eg også – men eg har ikkje råd til å la vera og velje miljøvenleg.

Vi kan ikkje tenkje på same måte som da vi skapte det

- Albert Einstein.

Eg gjer i alle fall mi gjerning, i å tru på framtida, og at det positive skal sigre over det negative.

– Jens Bjørneboe

Tør du vera med å satse på framtida? Tør du å la vera og satse på framtida? Det er ditt val.
 

Eli Vullum Kvande

Eli Vullum Kvande, 31 år, 2. plass, MDG Surnadal

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags