Omsorg av dei eldste blir ei stor oppgåve i Surnadal

Av
DEL

LeserbrevStatistisk sentralbyrå (SSB) si framskriving av folketalet i Surnadal for tida fram mot 2030 viser at frå 2020 startar auken av eldre over 80 år for alvor i Surnadal. Fram mot 2030 vil andelen eldre over 80 år auke dramatisk. Få kommunar i Møre og Romsdal vil få så stor auke. Sjå grafisk framstilling.

Foto:

Det seier seg sjølv at i ein slik situasjon blir omsorg for dei eldste eldre ei sentral oppgåve for Surnadal kommune. I denne aldersgruppa vil det bli eit aukande innslag av personar som ikkje kan bu åleine heime. Dei må ha trygge rammer rundt seg. Det vil i mange tilfelle seie ein sjukeheimsplass.

Når andelen av dei eldste eldre aukar vil det og bli fleire demente og pasientar med kroniske lidingar mellom oss.

Spørsmålet da er: Vil vi ha nok sjukeheimsplassar i åra som kjem?

Surnadal har over fleire år vridd institusjonsbasert omsorg over på heimebasert omsorg. Dette er på mange måtar eit fornuftig opplegg. Og Surnadal kommune er veldig flink på heimebasert omsorg. Ingen tvil om det, og dei tilsette utfører gjennomgåande ein framifrå jobb!

Av årsmeldinga til Surnadal kommune for året 2018 går det fram at det har vore auka press på heimetenestene grunna dei stengde sjukeheimsplassane og auka krav til kompetanse for å ta i mot utskrivingsklare pasientar frå sjukehus, både innan psykiatri og somatikk.

No er det og slik at Surnadal kommune i løpet av få år har lagt ned heile 28 institusjonsplassar. 15 av desse plassane skriv seg frå nedlegginga av Stangvik aldersheim. Resten er nedlagde sjukeheimsplassar. Surnadal ha no 62 sjukeheimsplassar.

Eg vil åtvare mot å legge ned fleire plassar i ei tid med sterk auke i talet på eldre over 80 år i kommunen. Skulle presset på fleire institusjonsplassar auke i tida framover er kommunen i den heldige stilling at nedlagde plassar kan takast i bruk igjen. Men, økonomien er sjølvsagt ei stor utfordring i slik samanheng. Tilboda til våre sterkt pleie- og omsorgstrengande eldre må ikkje bli salderingsposten når kommunebudsjetta skal vedtakast i åra frametter.

Målet må vere at vi skal klare oss sjølve så lenge vi kan. Når behovet for hjelp oppstår, kan vi ikkje godta at eldre blir sitjande heime utan tilstrekkeleg med pleie, omsorg og aktivitetar som stimulerer.

Surnadal kommune har sterkt behov for å få fleire omsorgsbustader. Ein plan- og byggekomite er i gang med å få retta opp i denne situasjonen så raskt som mogleg. 14 leiligheter er planlagt oppført i nær tilknyting til eksisterande sjukeheim. Det er å håpe at framdrifta blir god. Det hastar med å få dette prosjektet gjennomført. Vi som er medlemar av plan- og byggekomiteen har alle eit stort ansvar i å gjere vårt beste for at framdrifta skal bli så rask og god som mogleg.

I Tidens Krav av 11.mai (s. 2) kan ein lese at Tingvoll-rådmann Odd-Arild Bugge vil at dei folkevalde skal vere nøkterne i pengebruken og vri innsatsen over frå unge til eldre dei komande åra. Bugge grunngjev dette med at prognosane frå SSB viser at det blir færre unge i barnehage- og grunnskolealder framover mot 2028. Samstundes går andelen eldre opp. Situasjonen liknar den vi har her i Surnadal. Framskrivingstala frå SSB viser riktig nok her ein viss oppgang i                                                                                                                                                   aldersgruppa 0–5 år medan det er nedgang for den langt meir talrike aldersgruppa 6–15 år. Andelen eldre over 80 år viser derimot ein kraftig vekst. Ein vekst som er ein av dei største blant kommunane i Møre og Romsdal. Sjå grafisk framstilling. Dette er fakta som eg synest må kunne gi nokon kvar ein skikkeleg tankevekkar! Så langt har eg ikkje registrert noko tankegods i Surnadal som har gått ut på å vri pengebruk og innsats over frå unge til eldre, slik rådmannen i Tingvoll har peika på for eiga kommune sin del. På dette området er det verkeleg store utfordringar for dei som skal styre utviklinga i Surnadal kommune i åra frametter.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags