Kommuneøkonomien

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevDet blei fleirtalsforlik i Stortinget måndag 4. desember om statsbudsjettet for 2018. Mykje av medieoppslaga og debatten den siste tida har dreia seg om dei mindre postane i budsjettet, som støttepartia Venstre og Kristeleg Folkeparti har fått til i forhandlingar med regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet. I tillegg har debatten om Carl I. Hagen skulle få plass i Den Norske Nobelkomiteen, fått stor merksemd. I skuggen av dette har den blåblå regjeringa fått fleirtal for eit budsjett som rammar kommunesektoren hardt. Vidareføring av ein usosial skattepolitikk med auka skattelette for dei mest velståande, svekkjer statens inntektsside. Resultatet av denne økonomiske politikken blir nedslaga i kommuneøkonomien, og eit anna viktig område sjukehusdrifta.

Det hjelper lite at finansminister Siv Jensen og andre regjeringsrepresentantar hardnakka hevdar at kommuneøkonomien er betre enn tidlegare, og at sjukehusa får meir, når tilgjengeleg statistikk viser noko anna. Kommuneøkonomien og sjukehusdrifta blir med regjeringas opplegg vesentleg svekka i 2018, i tillegg er det som kjent innført straff for kommunar som «frivillig vel å stå åleine» etter 2020.

Den blåblå regjeringa vil gi auka skattelette til dei rikaste og mest velståande i samfunnet, da blir det mindre att i potten til fordeling på felles velferd. Det merkelege er at sentrumspartia V og KrF støttar dette opplegget, som betyr ytterlegare kutt i kommunesektoren. Det er kommunane som lagar og legg til rette for velferdstenestene til folk. Dei fleste av kommunane i fylket vårt slit no med å få sine budsjett i hop, utan kutt i dei største sektorane oppvekst og helse. Og dette presset på økonomien ser ut til å gjelde anten kommunar har vald å stå åleine eller slå seg saman!

Stortinget bestemmer dei økonomiske rammene for kva vi som lokalpolitikarar kan få gjort. Sosialistisk Venstreparti har i sitt alternative budsjett for 2018 sett av 5,8 milliardar kroner meir til kommunane. Gjemnes kommune er som mange andre mindre kommunar tapar i budsjettkampen, og vil med regjeringa sitt opplegg ikkje ein gong få kompensert for berekna løns- og prisstigning. Gjemnes får ein reell økonomisk nedgang i høve til budsjettet for 2017.  

SV sitt alternative statsbudsjett ville ført til betre kommuneøkonomi i heile Møre og Romsdal. Til dømes ville ein liten kommune som Gjemnes fått overført om lag 2,5 millionar meir i frie midlar. Det er ein tett samanheng mellom nasjonal – og lokal politikk. Det må folk merke seg når dei vel parti.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags