Frå misforstått nøytralitet til heiagjeng

Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom.

Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevKvart haust byrjar hundrevis av nynorskelevar på vidaregåande skular i Møre og Romsdal – og vert bokmålselevar. Dette språkskiftet er eit samfunnsproblem me må snakka meir om, og som politikarane i Møre og Romsdal bør arbeida meir med. Ein start er at fylkespolitikarane får skulane til å heia på nynorskelevane, i staden for å lata som at dei ikkje finst.

Grunnane til språkskiftet er mange og komplekse. For mange er ikkje dette eit fullt ut fritt og sjølvstendig val om å velja bokmål. Me kjem ikkje vekk frå at nynorskbrukarane har mange mindretalsulemper og at desse ulempene i liten grad vert gjort noko med. Det kan vera alt frå at dei ikkje får anna opplæring på nynorsk enn sidemålsopplæringa til bokmålsmedelevane, at alle skilt og oppslag på skulane er på bokmål eller at skulen berre kjøper inn bokmålsbøker. Språklæring handlar om eksponering og vane, og det er vanskeleg å vera nynorskelev om du ikkje ser språket ditt i bruk.

Få skular gjer nok for å få nynorskelevane til å halda på språket sitt. Mange skular har ein tanke om at dei lyt halda seg «nøytrale» og ikkje gjera noko for å påverka elevane nokon veg. Denne misforståtte nøytraliteten er fin på papiret, men i praksis bidreg han til å gjera språkvalet usynleg – og med det dytta nynorskelevane over til bokmålet. Rett og slett fordi nynorskelevane er eit mindretal som treng ei ekstra støtte, ei støtte skulane ikkje gjev dei.

Språkpolitikken til den norske staten har ein god intensjon: Me skal ha to norske skriftspråk i framtida og me skal styrkja dei to norske språka som hovudmål. Men som me ser i denne saka, er det langt frå fine ord i staten til praksis ute i fylka. For skal Møre og Romsdal fylke leva etter den offisielle norske språkpolitikken, lyt dei setja i verk tiltak som gjer det lettare å vera nynorskelev.

Eg sit ikkje med alle svara på korleis me skal minimera og helst stogga språkskiftet, men eg har nokre idear. Kva ville skjedd om dei vidaregaånde skulane i Møre og Romsdal på fyrste skuledag sa høgt at dette er eit fylke med både nynorsk- og bokmålselevar, og at skulen ville at nynorskelevane skulle halda fram med nynorsk? Kor mange hadde halda fram med nynorsk om lærebøkene på nynorsk var klar ved skulestart? Kor mange skular ville teke grep for stø nynorskelevane om fylka stilte fleire krav, og registerte språkskiftet på dei ulike skulane?

Om me ikkje snakkar om utfordringane nynorskelevane har, vil språkskiftet halde fram. Me treng meir og betre språkpolitikk som gjer det lettare å vera nynorskelev, og den språkpolitikken lyt fylkespolitikarane i Møre og Romsdal koma med.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags