Gi oss ei språklov med ambisjonar

Av
DEL

LeserbrevNoregs Mållag håper kulturministeren nyttar høvet til å gi oss ei offensiv språklov som tar utgangspunkt i at nynorsk og bokmål ikkje tevlar på likt grunnlag.

Det er dessverre eit faktum at levetida til ei stortingsmelding er kort. I år er det elleve år sidan stortingsmeldinga «Mål og meining» blei vedtatt, og meldinga  treng ei fornying. «Mål og meining» skulle sikre norsk som eit fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg. Spesielt var ein uroa for påverknaden frå engelsk og for stillinga til nynorsken. Språkstyrking skulle bli ein del av politikken i alle departement, med det overordna ansvaret plassert hos Kulturdepartementet. 

Eit tiår etter kan vi slå fast at «Mål og meining» ikkje førte til den språkpolitikken Stortinget ville ha. Norsk har ikkje blitt meir motstandsdyktig mot engelsk, og språkpolitikken har ikkje blitt sektorovergripande slik målet var. Den særskilde støtta til nynorsk språk generelt og nynorsk skriftkultur spesielt som «Mål og meining» tok til orde for, har vi sett svært lite til.

Nå lovar fireparti-regjeringa ny språkmelding og språklov. Trass i dei magre resultata etter «Mål og meining» har vi i Noregs Mållag forventingar. Vi håper på ei språklov som set varige spor, som femnar over alle samfunnsområde og blant anna seier noko om språkrettane til elevar, studentar og andre i same lov.

Ei ny norsk språklov gir høve til å tenke nytt om norsk språkpolitikk, mellom anna når det gjeld sikring av norsk mot engelsk. Men det gir òg høve til eit betre vern om dei minst brukte språka i Noreg. Mållova er i dag ei lov som sikrar nynorsk godt på mange felt. Men lova er òg på nokre felt utdatert og laga før den rivande utviklinga i språklovgiving vi ser rundt oss i Europa. Noregs Mållag håper kulturministeren løftar blikket og no nyttar høvet til å gi oss ei offensiv lov, som sikrar nynorsken betre og som tar utgangspunkt i at nynorsk og bokmål ikkje tevlar på likt grunnlag. Denne nye lova må styrke norsk språk og særleg styrke nynorsk som det minst brukte av dei to norske språka. 

Dei siste åra med samfunnsreformer og teknologiske endringar har synt at dagens ordningar og lover ikkje tar høgde for strukturelle endringar som endrar styrketilhøvet mellom språk. For å ha ei sikring mot uheldige utfall av statleg politikk bør den nye språklova innføre ei utgreiingsplikt slik at nynorsk alltid skal reknast med og vurderast. Før det blir gjort vedtak som får konsekvensar for nynorsken sin posisjon og nynorskbrukarane sine rettar eller mogelegheiter til å skrive nynorsk, må ein greie ut dei språklege konsekvensane. Om ein meiner nynorsk ikkje er ein relevant faktor, må det bli gitt ein god grunn for det.

Eit anna område der nynorsken i sterkare grad bør sikrast, er i kommunar og fylkeskommunar. Dei er i dag heilt avgjerande for å halde oppe nynorsken og å sikre at nynorskbrukarane ser språket sitt i bruk dagleg. I dag står kommunar og fylkeskommunar heilt fritt til sjølve å avgjere sin eigen språkbruk. Eit enkelt politisk fleirtal eller eit einskilt administrativt vedtak er i dag nok for å vippe nynorsken ut av eit heilt lokalsamfunn. Det må bli vanskelegare å svekke statusen til nynorsk i kommunar og fylkeskommunar, og staten må kunne utføre tilsyn med at innbyggarane får rettane sine oppfylte. 

Noregs Mållag ser fram til det spennande arbeidet med ei ny språklov og håper alle språkorganisasjonar kan arbeide saman for ei lov som styrker heile det norske språkmangfaldet. 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags