Frå bruk og kast til sirkeløkonomi

Av
DEL

LeserbrevMåndag 29. juli var jordas ressursar for 2019 brukt opp, ifølgje ein rapport frå organisasjonen Global Footprint Network. Jordas overforbruksdag, som den og vert kalla, er flytt framover med over to månader dei siste 20 åra. I år kjem den tidlegare enn nokon gong, og Noreg er mellom verstingane. Om alle i verda brukte like mykje ressursar som oss, hadde jordas ressurskvote for i år vore brukt opp allereie 18. april. Aller verst er Qatar, der datoen er sett til 11. februar.

Enno meir moralisme og klimaskam, tenkjer du kanskje? Ja, kanskje ein liten dose av det også er nødvendig, ikkje minst av omsyn til dei som skal arve jorda.

Hovedpoenget mitt med denne kronikken er likevel at vi først og fremst må snu hovuda våre og byrje og tenkje på ein ny måte. På same måte som vi innser at vi ikkje kan halde fram med å tenkje «ute av auge, ute av sinn» når det gjeld plast og anna avfall og ureining vi har sendt ut i havet, lufta og jordsmonnet, må vi slutte med å bruke ikkjefornybare naturressursar som om der var ei uendeleg kjelde å ause av.

Det kan bli krevjande, men det er nødvendig. Mange er allereie i gang, ikkje minst ungdomen, noko som gjev von for framtida!

Dagens ressursforbruk er, som dei fleste av oss no byrjar ta inn over oss, ikkje berekraftig. Samstundes som verdas befolkning er venta å auke til over ni milliardar innan 2050, brukar vi i dag ressursar tilsvarande 3,4 jordklodar. Vi er i ferd med å tøme lagera av viktige råvarer som sink, kopar, bly, fosfor og nitrogen, og klimaendringar og ekstremver trugar mattryggleik og naturressursar. Vi driv rovdrift på naturen, og vi spelar russisk rulett med klimaet.

For å avgrense klimaendringane og nå berekraftmåla til FN, må vi kutte utslepp og redusere forbruk. Vi må få eit skifte frå dagens linjeøkonomi til framtidas sirkeløkonomi, der ressursane blir verande i krinsløpet. Skal vi få til dette, må vi legge om måten vi produserer varer på, og måten vi behandlar «avfall» på. «Avfall er ressursar på avvegar», er eit godt uttrykk. Medan vi lenge har tenkt «frå vogge til grav» når det gjeld måten vi produserer varer på og måten vi kvittar oss med avfall på, må vi i framtida tenkje «frå vogge til vogge». Vi må få ein politikk som fremjar avfallsreduksjon, sortering, gjenbruk og gjenvinning av ressursar.

Vi må stimulere til ulike former for delingsøkonomi, slik til dømes bildeleringar er på full fart inn i kvardagen mange stader. Som politikarar må vi lage ein konkret plan for kor stor del av økonomien som skal vere sirkulær innan 2025 og 2050, og kva tiltak som må setjast i verk for å nå desse. Rammevilkåra må bidra til å lette overgangen til sirkeløkonomien. Prisen på å ta ut nye ikkje-fornybare råvarer må opp, og kostnadene for å gjenvinne må ned.

Lokalt må det og løne seg for den enkelte å gjere det som er berekraftig for samfunnet. Kommunane må legge til rette for sortering og gjenbruk. Dei lokale renovasjonsselskapa er viktige samarbeidspartar i dette arbeidet.

Utlånssentralar må etablerast, slik ein allereie i dag finn døme på i Volda og Ørsta, i regi av Frivilligsentralane. Alle treng ikkje eige alt! Ting vi brukar ein gong i året kan like godt lånast. Fritak for meirverdiavgift på reparasjonar og utleige av forbruksvarer er nokre andre tiltak.

Finn.no og alle dei lokale bytte/ bruktsal/ gje vekk-sidene fører til forlenga levetid for mange ting som før vart kasta. Det same gjeld gjenbruksbutikkar, loppemarknader, garasjesal og byttedagar i regi av idrettslaga. Gode tiltak alt saman!

Ei utfordringa vi framleis slit med er dei mange tinga som er litt øydelagde, og som med enkle reparasjonar kan få nytt liv. Mange av oss manglar tid (og/ eller evner) til å gjere dette sjølve. Ei draum for underteikna har lenge vore å få etablert gjenbruksverkstadar, der ting kan bli reparert og selde til nokon som treng det. Problemet er at i dag er det billegare og kjøpe nytt, så her må samfunnet inn med støtte til slike tiltak.

Næringslivet må stimulerast til å produsere varer med god kvalitet og lang levetid, og som er lette å reparere, resirkulere eller gjenvjnne. Eingongsprodukt og unødig emballasje må fasast ut, panteordningane må betrast og ombruk stimulerast.

Eitt av motargumenta mot redusert forbruksvekst er at det vil gå ut over arbeidsplassane. Slik treng det ikkje vere. Gjenvinnings- og gjenbruksindustrien vil krev mange hender. Å reparere sykkelen kan vere like god verdiskaping som å produsere den! I EU reknar ein med at ein overgang til sirkeløkonomi vil skape 580 000 nye arbeidsplassar!

Men -forbruket er ikkje jamnt fordelt, verken globalt eller i vårt eige land. Forskjellar i makt og rikdom aukar. I tillegg til at tanken på ressurssparing må gjennomsyre alt vi gjer, vil vi i SV gjennom ein rettferdig skattepolitikk syte for at dei som har mest, og forbrukar mest, tek størstedelen av ansvaret for dei naudsynte tiltaka.

SV vil bidra til ein politikk som sikrar at vår del av verda ikkje legg beslag på ein større del av ressursane enn vi har rett til. Våre dyktige kandidatar til kommunestyre og fylkesting i Møre og Romsdal vil vere pådrivarar for den nye tankegangen.

Datoen for når årets ressurskvote er brukt opp må skyvast stadig lengre fram i tid. Ombruk er omtanke. Kan det ikkje brukast opp att eller delast, er det ikkje godt nok!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags