Sidemålskarakteren er nødvendig

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LeserbrevNyleg kunne me lese at Hamar katedralskole ville sidemålskarakteren til livs, grunna eksistensen av omsetjingsprogram. Program som dei fryktar elevane nyttar seg av under eksamen.

Skulen skriv til Utdanningsdirektoratet at dei slit med å finne ei løysing, og at det dimed skal vere like greitt å kvitte seg med sidemålskarakteren. Skal ein nytte seg av dette argumentet, kan ein like gjerne bede om å sleppe vurdering i engelsk og framandspråk, som til dømes tysk og fransk.

Me kan ikkje gløyme kor viktig det er at me lærer både nynorsk og bokmål. Me som samfunn har gått inn for at me skal ha båe desse skriftspråka. For at det fleirspråklege samfunnet skal fungere, krev det at me alle lærer båe språka våre.

Problemet verkar å vere at det er mogleg å nytte seg av omsetjingsprogrammet utan å vere kopla til nettet. Det er ei god løysing på problemet, ein treng berre å sjå til korleis ein gjer det i høgre utdanning. Ved Universitetet i Bergen har me ein sokalla trygg nettlesar som ein nyttar ved eksamen. Lukkar ein nettlesaren, vert oppgåva levert, går ein inn på noko ein ikkje har løyve til å gå inn på, so får eksamensvakta det opp på skjermen. Dette kan ein like gjerne nytte på tentamenar og eksamenar i skulen. Å fjerne ei karakterordning av di nokre elevar juksar, verkar i det minste useriøst.
 

Håkon Remøy

Styremedlem i Studentmållaget i Bergen, og nordiskstudent ved UiB

Følg på: Twitter

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags