Nynorsk i lærarutdanninga

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevNoregs Mållag viser til at norskkunnskapane til lærarane er avgjerande for god undervisning i skule og barnehage. Me er difor urolege over situasjonen i dag med svært mange ufaglærte arbeidstakarar i barnehage og skule.

Dei ulike barnehagelærar-, lærar- og lektorutdanningane må syta for at framtidige lærarar har god kompetanse i både nynorsk og bokmål. Dette må også gjelda praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Slik kompetanse er også viktig for lærarar som skal undervisa i andre fag enn norsk, fordi språkopplæring skjer både i barnehagane og i alle timar og i alle fag i skulen. For at lærarstudentane skal få denne kompetansen, må dei få god opplæring i nynorsk og nynorskdidaktikk i utdanninga. Utdanningsinstitusjonane må spesielt leggje til rette for opplæring for at studentar som har hatt fritak, får tilstrekkeleg opplæring i dette i løpet av utdanninga si.

Også lærar- og lektorstudentar utan norsk i fagkrinsen skal kunna nynorsk. For å sikra opplæringa til nynorskelevane i alle fag må både matematikklærarar og samfunnsfaglærarar kunne læra bort faget sitt på nynorsk. Derfor må også desse studentane få opplæring i nynorsk i lektorutdanninga og få innsikt i den nynorske fagterminologien. Alle lektorstudentane må også kjenna til språksituasjonen og dei språklege rettane til elevane.

Noregs Mållag meiner at det ikkje skal kunna gjevast fritak for vurdering i sidemål i lærar- og lektorutdanninga. Skulemål og språkopplæring er ein for viktig del av kvardagen til nyutdanna lektorar. Vitnemåla frå lektorutdanningane skal syna to norskkarakterar, éin i nynorsk og éin i bokmål. Nokre lærestader bør få eit nasjonalt eller eventuelt regionalt ansvar for etterutdanning av lærarar i nynorsk. Ein må då sikra tilgang til etterutdanning i aust, vest, midt- og nord.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags