Sjukehuset og mat

Biolog Jon Samuel Håbrekke er skeptisk til hvordan sykehusmaten skal lages.

Biolog Jon Samuel Håbrekke er skeptisk til hvordan sykehusmaten skal lages.

Av
DEL

LeserbrevDårlegare og dyrare, seier den prisløna kjøkensjefen Gunnvor Sunde til TK om helseføretaket si kjøkenløysing. Ho er ein fagperson og uttalar seg av røynsle. Kva kan vi vente av slik fagkunnskap frå pengesekken sine vaktarar i helseføretaket sitt styre? Ingen ting!
Maten skal i framtida varmast to gonger. Eit resultat er at matkvaliteten dermed blir redusert. Vitamin C er lite varmestabilt og innhaldet i maten går ned. Meir raske karbohydrat blir frigjort frå fiber. Fleire faktorar kunne sikkert vore i fokus, men eg skal nøye meg med det eg her nemner.

– Strider mot forsking og sunn fornuft

Celler i immunforsvaret si førstelinje har mangedobbelt opp med insulinreseptorar samanlikna med andre celler i kroppen vår. Dette er for å ta opp C-vitamin effektivt. Det er essensielt for å ha målretta antioksidantskyts i kampen mot smittestoff. Søtstoff og raske karbohydrat gir overproduksjon av insulin og glukose pressar seg fram i køen mot transportportane inn i immunforsvaret sine celler. Slik hindrar raske karbohydrat at cellene i immunforsvaret oppnår å få funksjonell C-vitaminstatus. Med sukker og søtt kan immunforsvaret sin kapasitet bli redusert med 50 prosent eller meir. Lite gunstig for sjuke folk.


Noko alle veit er at levra er vårt viktigaste organ for avgifting. Utan nok C-vitamin får levra problem med å utføre alle sine viktige oppgåver. Det gjeld mellom anna levering av protein til blodet for å regulere viskositeten i blodet. Dermed renn blodet tregare og blodtrykket stig.

Om apene i ein zoologisk hage fekk like lite C-vitamin som det ser ut til å bli for pasientane på sjukehuset, ville dyrepassarane blitt arrestert for dyremishandling.

For sjukehuset kan redusert matkvalitet bety meir medisinering og fleire liggedøgn. For pasientane meir uhelse. Og kva følgjer kan det få for sjukehusøkonomien? Eg berre spør.

Til pårørande som får ein av sine kjære inn i dette systemet med redusert matkvalitet, har eg eitt råd: Kjøp termobag, lag middag frå gode råvarer og server din kjære varm kvalitetsmat på sjukehuset.
Som barn lærde eg eit uttrykk: «Du kan spare deg til fant». Det vart brukt når nokon ville bruke pengar på billige og lite varige løysingar.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags