Støtt Bunadsgeriljaen

Det er uforståeleg at regjeringa har latt det gå så langt: At kvinner må rasle med bunad-syljene for sin rett til ei opplagt og grunnleggjande offentleg samfunnsteneste, skriv Kjersti Toppe.

Det er uforståeleg at regjeringa har latt det gå så langt: At kvinner må rasle med bunad-syljene for sin rett til ei opplagt og grunnleggjande offentleg samfunnsteneste, skriv Kjersti Toppe. Foto:

Av
DEL

LeserbrevNår kvinner over heile landet i kler seg bunad i gatene lenge før 17.mai, er det alvor. 70 000 har meldt seg inn i «Bunadsgeriljaen», som har hatt sitt utgangspunkt i Kristiansund. Der vil helseføretaket slå saman fødeavdelingar for å spare pengar. Fødande på Nordmøre ligg allereie dårleg an på fødestatistikken når det gjeld transportfødslar. No skal reisevegen bli enno lengre. Fødekvinner på Smøla, Aure og Halsa får ein reiseveg på opptil tre timar. Det er omtrent avstanden frå Oslo til Ål i Hallingdal.

Men regjeringa og helseminister Høie trekk lett på skuldra over slike avstandar, så lenge det gjeld kvinner i distrikta. Dei kritiserer Senterpartiet i staden. For at det vart ned fødetilbod også under vår regjering. Men Senterpartiet har faktisk ikkje endra politikk. Vi har i årevis kjempa mot sentralisering av fødetilbod. Høgre derimot, har ivra for slik sentralisering, også då Høgre sat i opposisjon. For Høgre og Høie er det større og meir «robuste» einingar som er svaret på alt. Men det hjelper lite med ei stor fødeavdeling, dersom kvinnene faktisk ikkje når fram i tide.

I internasjonal samanheng har Norge ein svangerskaps-, fødsel- og barsleomsorg av høg kvalitet. Men ei rekke utviklingstrekk går dessverre i feil retning. Liggetida etter fødsel blir stadig kortare. Risikoen for å føde uplanlagt utanfor sjukehus, er dobla dei siste 30 år. Risikoen for at barnet dør under eller like etter fødsel, er tredobla ved slike fødslar utanfor sjukehus. Talet på fødeinstitusjonar i Norge er lågare enn det Verdas Helseorganisasjon tilrår. Følgjetenesta ved lang reiseveg, fungerer heller ikkje.

I tillegg til auka avstand i distrikta, er det press og sprengt kapasitet på dei store fødeklinikkane i storbyane. I ein nyleg studie rapporterer kvinner om at dei blir avvist på sjukehus dersom dei ikkje er i aktiv fødsel. Fødande kvinner blir åtvara mot mangel på ledige fødesenger, og blir nekta ambulanse. Fleire enn vi trur ender opp med uplanlagt heimefødsel. Spørsmålet er: kven bryr seg? Ikkje dagens regjering i alle fall. 

Det er uforståeleg at regjeringa har latt det gå så langt: At kvinner må rasle med bunad-syljene for sin rett til ei opplagt og grunnleggjande offentleg samfunnsteneste. At ca. 1000 kvinner dei siste 3 åra ikkje rakk fram til sjukehus ved fødsel, er alvorleg mange. Bunadsgeriljaen har forstått det- at avstand faktisk betyr noko. Statsminister Erna Solberg oppmoda i sin nyårstale norske kvinner om å føde fleire barn. Regjeringa burde i staden starte med å revurdere sin eigen fødselspolitikk. 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags