Ja til vindmylner på Skardsøya og ja til moglegheiter

Jan OLav Ramsvik

Jan OLav Ramsvik Foto:

Av
DEL

LeserbrevDei som røystar på meg vil få ein i kommunestyret som vil arbeide for å få etablert vindmylnepark på Skardsøya.

Dei som røystar på meg vil få ein i kommunestyret som vil arbeide for at kommunen legg til rette for at lokalt næringsliv skal vere med og få sin del av dei store investeringane som kjem til å komma i forbindelse med utbygginga.

Andre kommuners nei kan bli Aure sin moglegheit å få eit fortrinn i det grøne skifte som er på veg over oss. Difor ser eg det som ein stor moglegheit for kommunen vår.

Dei som røystar på meg vil få ein som seiar nei til eigedomsskatt i vår kommune.

Dei som røystar på meg skal vete eg støttar alt næringsliv i kommunen vår. Ikkje berre to tre klyngar.

Dei som røystar på meg vil få ein som arbeidar for høghastigheitsnett for internett i heile kommunen.

Dei som røystar på meg vil få ein som vil styrka kulturskulen..

Dei som røystar på meg vil få ein som vil arbeide for å innføre skulemåltid i grunnskulen.

Håpar dei som støttar mine standpunkt vil gje meg ein stemme ved årets kommunevalg på Aure Senterparti si liste.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags