På vegner av «snillhetens tanketomme ondskap»

Av
DEL

LeserbrevErling Dragseth er ein flittig skribent – og har 23.09.19 spandert eit langt innlegg i TK på meg og det innlegget eg har hatt i aviser i fylket, om regjeringas innvandrings- og integreringspolitikk under tittelen «Integrering gjennom forakt og pisk».

Eg berre konstaterer at Rensvik meiner det er både fornuftig og klokt av statsrådar å bruke provokasjonar for å skape eit godt grunnlag for integrering, og at han vegrar seg for å tillegge synspunkta frå morsmålslærarar nokon vekt. (Eg har sjølv budd i utlandet eit år og vore morsmålslærar der, og veit litt om kor krevjande det er å lære eit nytt morsmål, som samtidig er uttrykt på eit framandt alfabet). Og eg reknar med at også han har oppfatta at Noreg har fått kritikk frå FN og internasjonale organisasjonar og ekspertar for den utsendingspolitikken som Noreg driv i forhold til Afghanistan. Og at Noreg var eit av dei flittigaste landa med bombefly for å smadre regimet i Libya, med dei konsekvensane det har hatt for flyktninge-straumen over Middelhavet, tar eg også for gitt at Dragseth har fått med seg.

Dragseth synest også meine at det er rettferdig jamført med dei norske leigesoldatane i Kongo, og fornuftig for verdsferden framover at det veks opp ein generasjon born i det gamle IS-området, delvis med norsk statsborgarskap, og blir øydelagte eller veks opp til å bli internasjonale terroristar for neste generasjon. For Midt-Austen er så langt unna Rensvik at det tydelegvis ikkje har noko å seie.

Eg har elles undervist i historie og arbeidd ein del med jødisk historie – og kjenner igjen frå mellomkrigstida mykje av argumentasjonen overfor flyktningar med framandarta hudfarge og religion. Men som sagt: Eg oppfattar det som brot på både gjestefridommen i det norrøne Håvamål, og absolutt i strid med kristen og moderne humanisme om landet vårt ikkje kjenner medansvar for krigs- og klimaflyktningar. Eg skjønar at Dragseth meiner eg representerer «snillhetens tanketomme ondskap» i ei verd der folkegrupper og kulturar og religionar blir stadig meir samanvevd. På same måten som biskop Gunnar Stålsett uttrykte det i Dag og Tid 24.12.2015 ser eg det som eit svært dårleg teikn for norsk og global samfunnsutvikling om «forakt for nestekjærlighet og godhet» har blitt rosverdig og gir politisk gevinst.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags