Aksesaka sett frå Nordmøre

Av
DEL

LeserbrevAt nordmøringane tener desidert mest på Romsdalsaksen, anten reisa går sør-vestover eller sør-austover, er vel dei fleste no klar over. Men og romsdalingane tener mest på Romsdalsaksen om vegen går sør-austover.

Når det gjeld vegen sør-vestover, så er situasjonen fylgjande for moldensarane: For at vegen skal bli kortare med Møreaksen, må tilknytningsvegen Vik-Ørskogfjellet vere på plass. Julbøen-Lønset/Hjelset og Vik-Tresfjordbrua kan neppe utsetjast, så i praksis må alle tre tilknytningsvegane vere på plass før Møreaksen kan innkassere ein liten fordel i reisetid mellom t.d. Molde og Ålesund. Kostnadane gjer at det er høgst usikkert når/om dette skjer. Dermed er det og høgst usikkert når/om fordelen med felles bu- og arbeidsmarknad mellom Molde og Ålesund kan innkasserast.

I mellomtida blir vegen frå Nordmøre og sørvestover 15-18 km lenger med Møreaksen, avhengig av kva tilknytningsvegar som vert etablert. Også etter ei eventuell etablering av samtlege tre tilknytningsvegar blir Møreaksen lenger frå Nordmøre mot t.d. Ålesund. Så med mindre du absolutt vil sjå fjellet frå innsida, burde valet vere enkelt.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags