Fremming av folkehelse i kraft av «HELSE I ALT VI GJER»?

Av
DEL

LeserbrevMiljøminister Ola Elvestuen har uttala til pressa at han har delegert mandatet til å ta avgjerda om eit nytt nasjonalt deponi for farleg avfall på Raudsand til Nesset kommunestyre. Det blir ei ansvarsfull oppåve å ta stilling til. Mykje kan da altså tyde på at enda meir farleg avfall enn det som allereie ligg der kan koma dit.

Farleg avfall inneheld giftige og farlege kjemikaliar som blir kalla miljøgifter. Den største globale helsemessige miljøutfordringa kjem frå miljøgifter.

Mykje av norsk verdiskaping og produksjon er avhengig av eit reint miljø. Eit reint miljø er naudsynt for å produsere rein og sunn mat.

«Eit berekraftig kosthald er eit kosthald som har lav miljøpåverknad (dvs. lite innhald av miljøgifter) og som bidreg til mat- og ernæringstryggleik, eit sunt liv for notida og generasjonane framover». (FN sin definisjon på berekraftig kosthald).

Helserisiko grunna miljøgifter?

«Miljøgifter er kjemikaliar som er giftige og blir konsertrerte oppover i næringskjeda. Dei blir til dømes tekne opp i fisk og hamnar med det i maten vi et. Mange av stoffa kan transporterast med luft- og havstraumar langt frå utsleppskjeldene». (Miljødirektoratet)

Kva helseutfordringar kan vi stå overfor?

Vi er kjende med at miljøgifter aukar i befolkninga. Enkelte av dei hopar seg opp i kroppen og er vanskelege å bryte ned. Da ein kan ha mange miljøgifter samstundes i kroppen, blir det til ein såkalla cocktail. Den kan påverke oss over mange år og er svært skadeleg. At miljøgiftene kan kome langvegs ifrå gjennom luft og hav, betyr at ikkje nokon kan føle seg trygge for å bli råka av dei giftige stoffa. Uvitande om dette, vil det bli servert måltid som inneheld miljøgifter. Dyr og fisk som lever og beita i eit forureina miljø, får i seg miljøgifter og blir med i maten til mennesket. På Raudsand har det lege opne deponi der det er lagra miljøifter i mange år, utsette for ver og vind med det potensialet for spreiing dette inneber. Det er med rette at det blir uttrykt uro om det er trygt å ferdast i området og samstundes eta mat, drikke vatn her, og om det vi pustar inn er rein luft utan farleg forureining som kan påverke helsa vår.

Retten til sannferdig miljøinformasjon

Da oppdatert miljøinformasjon for folket ikkje føreligg, vil det fortsatt vere grunn til stor uro for folkehelsa, ja, til og med for helsa til generasjonane som kjem etter oss. Å opplyse folket er heilt naudsynt i slike tvilsame høve. Den retten slår grunnloven § 112 fast. Dette er gifter som ein ofte korkje luktar, ser, sansar enn kan smake. Det er kanskje på sin plass å stille spørsmål om dei offentlege ansvarlege er oppdaterte på dokumentasjon om tilstanden, og om dei i så måte tek ansvar for folkehelse og med det kan fråfalle plikta til å svare?

  • Kven i kommunen har ansvar for å opplyse folket om det finst miljøgifter som kan gje helseutfordringar?
  • Kvar finn vi oppdatert dokumentasjon og info om prøver tekne av jord, frå Tingvollfjorden, av fisk, dyr, fjellvatn, elver, bekkar og gassutslepp?
  • Kan det finnast radioaktivitet i området, noko som kan vera sers urovekkande?
  • Kvifor er ikkje Tingvollfjorden friskmeldt?
  • Er det teke prøver og funne miljøgifter i fisk og sjømat?
  • Kva for folkehelsetiltak blir sett i verk for å kome bekymringane om mulig negativ påverknad i møte?
  • Kva er til hinder for at vi ikkje får svar på spørsmåla som blir stilte?

Miljøinformasjonsloven av 2004 gjev deg rett til opplysning frå offentlege myndigheiter og private verksemder om forhold som betyr noko for miljøet. Ein føresetnad for at loven skal fungere etter hensikta, er at han blir bruka aktivt.

I denne loven heiter det: «Denne loven har til formål å sikre allmennheten tilgang til miljøinformasjon, og derved gjøre det lettere for den enkelte å bidra til vern av miljøet, å verne seg selv mot helse- og miljøskade og å påvirke offentlige og private beslutningstakere i miljøspørsmål. Loven skal også fremme allmenhetens mulighet til å delta i offentlige beslutningsprosesser av betydning for miljøet». (Minner også om kap. 1, § 2, kap. 2, kap. 3, samt miljøinformasjonsloven §§ 12 og 13).

Folkehelseloven gjev kommunane ansvar for å fremme folkehelse.

«Helse i alt vi gjer» er eitt av dei grunnlegande prinsippa som ligg i folkehelseloven av 2012. Han gjev kommunen ansvar for å fremme folkehelse. Å få til «helse i alt vi gjer», krev at kommunen set i verk tenesteapparatet sitt til den forståinga av folkehelse som ligg i folkehelseloven. Det betyr at ein bygger samfunnsutvikling som fremmar folkehelse. Loven løftar fram grunnleggande prinsipp som BEREKRAFTIG UTVIKLING, FØRE - VAR PRINSIPPET, UTJAMNE SOSIALE FORSKJELLAR I HELSE, MEDVERKNAD og «HELSE I ALT VI GJER». Eit systematisk folkehelsearbeid inneber at kommunen skal ha oversikt over helsetilstanden til befolkninga, og alle dei faktorane som påverkar denne. Kommunen skal iverksette naudsynte tiltak for å møte folkehelseutfordringane. Miljøretta helsevern er ein del av folkehelsearbeidet og kommunens verkemiddel er regulert i lovens kap. 3.

I sentrum av all politikk og alle prosjekt står mennesket, og for mennesket er det ikkje noko som er viktigare enn eiga helse. Da er helseskadelege miljøgifter eit underkommunisert tema. Difor er truverdig folkeopplysning om miljø- og helsetruande faktorar heilt naudsynt for å bygge trygge og helsefremmande lokalsamfunn.

Miljøinformasjonsloven peikar på «å fremme allmennhetens mulighet til å delta i offentlige beslutningsprosesser». Å utøve dei grunnleggande prinsippa i folkehelseloven som BEREKRAFTIG UTVIKLING, FØRE – VAR PRINSIPPET, UTJAMNE SOSIALE FORSKJELLAR I HELSE, MEDVERKNAD OG «HELSE I ALT VI GJER» vil truleg resultere i eit folkehelsearbeid som vil føre til ei bærekraftig samfunnsutvikling.

Utøvande mynde ligg framleis til kommunestyret.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags