Vi  likar ikkje den retninga regiondebatten har tatt

Av
DEL

LeserbrevVi  likar ikkje den retninga regiondebatten har tatt. Vi er rett og slett redde for at det formidable arbeidet som er gjort og som no skulle fullførast ved å fordele statsoppgåvene rundt om i landet, skal strande.

Vel kan det vere at vi kan diskutere storleiken på regionane og kven som skulle slå seg saman og ikkje, men no er det gjort eit fleirtalsvedtak i Stortinget. Det må vi halde oss til og få sette ut i livet fase to: fleire oppgåver frå fylkesmannen til regionalt folkevald nivå og utflytting av statlege oppgåver. Då kan vi ta heile landet i bruk.

Må det verkeleg vere slik at Arbeiderpartiet må bruke denne saka på å markere politikk og sanke stemmer mellom dei som ikkje øsnkjer endring. Og vil verkeleg Senterpartiet sette dette viktige desentraliseringsarbeidet på spel?  Senterpartiet som seier dei vil ha levande distrikt, men som fekk til svært lite utflytting av oppåver i regjering med AP og SV.  No har vi alle sjansen til å få det til!

Venstre sine politikarar var meir enn begeistra då Ekspertutvalet kom med tilrådinga sine om kva som kunne flyttast ut av makt til dei nye regionane/fylkeskommunane.  Vi kunne ha heist flagget over ein rapport som ville meir enn vi torde å håpe på. Det var gjennomtenkt og sett i samanheng. Tenk kor flott det vil bli om vi maktar å få til regionalisering av oppgåvene og statsfunksjonar som vil gi aktivitet, arbeidsplassar og samfunnsutvikling i alle delar av landet!

Vi som vil ha tre folkevalde nivå i landet ,må i alle fall  tenkje oss godt om no når vi har sjansen til å få det til. Vi har ikkje råd til  å ri kjepphestar eller prøve å samle lettvinte politiske poeng no. Målet vårt er så mykje større. Vi treng verkeleg å få til ei demokratireform med fleire  oppgåver fordelte utover i landet som vi no har sjansen til å få! Og vi treng å styrkje lokaldemokratiet med overflytting av oppgåver frå den statleg styrte fylkesmannen til det folkevalde regionale nivået! Venstre har tru på demokratiet og trur at vitet er godt fordelt rundt om i landet vårt.

Vi ventar at regjeringa grip sjansen dei no har til å stå fast på oppgåva dei har starta på og som dei har fått mynde til i Stortinget.

For Møre og Romsdal kan dette bety meir sjølstyre og mange fleire statlege arbeidsplassar som kan gjere fylket vårt meir attraktivt å bu i. Vi treng desse arbeidsplassane som kan vere gode supplement til alle dei flotte arbeidsplassane vi har i næringslivet. Og vi treng ungdomen og nytilflyttarar som kan vere med å utvikle fylket vårt vidare!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags