Kommentar til den partileiardebatten, 13. august.

Av
DEL

MeningerFekk med meg den første partileiardebatten frå Arendal. Generelt vart det vel mykje skravling i munnen på kvarandre, få evna å lytte til det andre partileiarar sa, og bygge vidare på det, slik dei kunne utvikle noko nytt og betre, til beste for landet.

I staden vart det kniving om kven som hadde handla rett då og då. Partileiar Bjørnar Moxnes var her eit hederleg unntak, stort sett. Han sa elles ikkje så mykje i første delen av programmet, men det han sa mot slutten, t.d. om bompengar, var enkelt og forståleg, om ikkje heilt konsekvent, det kan ein kanskje heller ikkje vere i denne saka, ein må ta omsyn til lokale forhold.

Fleire peika på at bompengar fungerer usosialt. MDG-leiaren vil likevel ha det, fordi bom-ringane begrensar CO₂ utslepp effektivt og gir pengar til sykkel-stiar og betre kollektivtrafikk. «Det som verkeleg er usosialt, er å ikkje gjere noko med klimagass-utsleppa. Det er verdas fatttigaste som blir råka hardast av flaumar, jordskred og sunamiar», sa Une Bastholm.

Eg sat med ein tanke om ei løysing som ingen politikarar har foreslått, etter det eg har høyrt (Jf. også protestane til Dei gule vestane i Frankrike):

Skattefrådrag for betalte bompengar for dei som har lav og middels lav inntekt.

I vår digitale tid kan skatteetaten ordne slikt enkelt, viss dei vil.

I duellen til slutt i programmet valte Bjørnar Moxnes statsminister Erna Solberg som duellant,- om velferds-profittørar. Han konkluderte med at ho var meir opptatt av å sikre profitten til dei utanlandske profittørane, enn velferda til barna og dei tilsette i barnehagane. Han fekk siste ordet. Erna Solberg sa faktisk ikkje noko imot dette, vart berre bryddd.

God innsats frå Raudt-partileiaren her.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags