Ja til meir språkkompetanse, nei til bjørnetenester

Olise Sunnivae Vestad

Olise Sunnivae Vestad

Av
DEL

LeserbrevDen nye læreplanen i norsk må gje elevane betre språkkompetanse, og særleg gjere nynorskundervisinga betre. Når Kunnskapsdepartementet føreslår ei mildare vurdering i sidemål enn i hovudmål i den nye læreplanen, gjer dei elevane ei bjørneteneste.

I tekstane om vurdering i framlegget til ny læreplan, står det konsekvent frå 10. trinn til VG3 at lærarane skal vurdere sidemålstekstane snillare enn hovudmålstekstane. Dette kan i verste fall føre til færre nynorskbrukarar, og vil føre til mindre nynorskkompetanse i det norske samfunnet.

Med lik vurdering får elevane som i røynda kan både nynorsk og bokmål godt god uttelling for det på vitnemålet. Med ei mildare vurdering i sidemål, treng ein ikkje lære båe skriftspråka godt for å få den same uttellinga på vitnemålet. Dette vil i realiteten føre til mindre nynorskkompetanse, stikk i strid med det samfunnet treng. I eit land med både nynorsk og bokmål, treng me at framtidas borgarar både tek del i kunnskapen og danninga det er å kunne begge skriftspråka.

Læreplanframlegget til Kunnskapsdepartementet er ikkje ein læreplan for nynorskelevane. Nynorskelevar lærer bokmål vel så godt som nynorsk, sidan dei blir eksponert for bokmål allereie i barnehagen, og i heile oppveksten i samfunnet utanfor skulen. Allereie i dag byter mange nynorskelevar hovudmål til bokmål, fordi mange lærarar vurderer på ein slik måte at det løner seg å ha nynorsk som sidemål viss ein meistrar både nynorsk og bokmål. Ved å læreplanfeste denne  vurderingspraksisen, kan dette språkskiftet skyte fart. I staden for eit insentiv til å byte språk, treng nynorskelevane å bli meir eksponerte for språket sitt, slik at dei får høve til å bli trygge nynorskbrukarar.

Nokre meiner det er utopisk at elevane skal kunne både nynorsk og bokmål godt, og at ein er nøydd til å vurdere mildare i sidemål. Dei tek feil, og det er nynorskelevane prov på. Nynorskelevane greier fint å lære båe skriftspråka godt. For at bokmålselevane skal få den same kompetansen må dei starte sidemålslæringa  tidleg. Det er når ein er ung at ein lærer språk best, og  det gjeld òg nynorsk.

Ved å læreplanfeste mildare vurdering i sidemål, læreplanfester ein at elevane skal få dårlegare kompetanse. I staden bør læreplanen leggje opp til at elevane får god kompetanse i båe skriftspråka, gjennom tidleg start med sidemål og meir eksponering for nynorsk gjennom heile skulegangen, både for nynorsk- og bokmålselevane.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags