Skulestart, nynorsk og stortingsval

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevSkuleåret er i gang og 50% av grunnskuleelevane i Møre og Romsdal får nynorsk som opplæringsmål – og heldige er dei. Også Helge Orten (H) er glad for den nynorsken han lærte i Midsund-skulen. Dessverre ser vi lite til at han bruker språket i t.d. Romsdals Budstikke.

Viktigare er likevel kva partia meiner i språkspørsmål  og faktisk praktiserer og kva slags språkpolitikk dei vil ha. Då ser vi at to parti skil seg uheldig ut: Frp og Høgre – endå så mange gode nynorskfolk det finst i desse partia. Dei har den minst nynorskvenlege politikken. Partia med den mest nynorskvenlege politikken er: Sp, SV, V, MDG og Raudt. Konklusjonen vår byggjer på Ottar Grepstad sitt nyleg publiserte skrift På parti med språket. Språkpolitikk i norske partiprogram 1906-2021 og Noregs Mållags gjennomgang av programma. Mållaget har saumfare partiprogramma og vektlagt synet på dei sakene Mållaget har fronta tydelegast dei siste to åra: Sidemålsordninga, Oddamodellen (= språkdelt ungdomsskule), betre lærarutdanning, barnehagespråk og nynorsk for vaksne innvandrarar. Ei totalvurdering er òg lagt til grunn.

I Bergen arrangerte nyleg mållaga eit valmøte om ”Statusen til nynorsk”. Det gav overskrifta: Sidemålsordninga vann 7-2 i Bergen. Ut frå det eg har skrive, forstår alle kven dei 2 er.

Somme trur at bokmål og nynorsk heng som to likeverdige eple på treet. At det er like lett og sjølvsagt å velje det eine som det andre. Slik er det ikkje, det veit alle som kan noko om det norske språksamfunnet, om sosiale, psykologiske og politiske mekanismar.

”Stolt av eige språk” heiter eit prosjekt i Fjell kommune utanfor Bergen. Det kan ein lese om i siste nummer av Utdanning (nr.13, 25.08.) Det vil nettopp kunne gje innsikt i mekanismane bak språkval og språkskifte. Reportasjen startar slik: - ”Eg kjem frå Sotra. Da må eg ha nynorsk som hovudmål. Men eg forstod ikkje det da eg gjekk i åttande klasse og valde bokmål på ungdomsskulen”, seier Isabell Berge. ”No har ho gått tilbake til å ha nynorsk som skulemål, slik ho hadde på barneskulen. Ho går i tiande klasse ved Fjell ungdomsskule.”

Men vi treng ikkje dra til Bergen og Hordaland for å studere dette: Språkskifte skjer i Ålesundsområdet, i og kring Molde og Kristiansund. Kommunane og politikarane må ta ansvar, anten det er i den komande storkommunen Molde eller Ålesund. Vidare må dei folkevalde og administrasjonen i for eksempel sunnmørskommunane Skodje, Ørskog og Haram og romsdalskommunane Sandøy, Nesset, Midsund og Fræna vere vakne og ivareta språkrettar og eigen skriftkultur. For med dei nye kommunesamanslåingane kan presset på nynorsken auke. Både politikarane og administrasjonen må vise kunnskap, innsikt og vilje til å stå opp for og tryggje vilkåra for nynorsk skulemål og nynorsk som bruksmål i kommunane.

No er det stortingsval, og då kan du som veljar utfordra partiet ditt på nynorsk og språkspørsmål i det heile. Og vil du finne fleire fakta, kan du gå til www.nm.no eller aasentunet.no: ”Språkpolitikken tilbake til Stortinget?” og  ”På parti med språket?”  Godt språkval!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags