Kva skjer i norsk politikk?

Av
DEL

LeserbrevEtter som utviklinga går sin gang, blir det meir og meir klart at PDK trengs i norsk politikk. Det gjeld på alle nivå. Det er no openbart eit behov for ein breid verdikonservativ mobilisering som vil vere tydeleg på kva som er våre kjerneverdiar.

Vi må ut å kjempe for nasjonalstaten, for familien, for kjønn og identitet, for eit nasjonalt forsvar som kan skape den tryggheit som no trengs, for tryggheit for enkeltmennesket til å kunne gå i gatene våre på kvelden og ikkje minst for våre kvinner,  respekt for eldre og for kristendommen sin plass i samfunnet. Vi kan bare ta vare på dei verdiane som skapte dette landet viss vi legg ein kristen grunnvoll til grunn for samfunnet også framover.

Dette grunnlaget har gitt oss eit samfunn og ein nasjon som mennesker flykter til og ikkje fra. I kvar generasjon må rettar som livsrett og eigedomsrett kjempast for og ikkje bli tatt for gitt. Det blir no meir og meir tydeleg ved at vi har ein oppsvulmande stat som vil pålegge oss nye skattar og avgifter. Dette er no i ferd med å bli ein trussel mot vår økonomiske velferd, mot innovasjon og  mot entrepenørskap.

Kampen for barnet i mors liv og mot eutanasi, må vi no intensivere. Kampen mot det nye totalitære som og inkluderar retten til å kritisere også islam, kan ikkje tapast.

Og ikkje minst må vi ta kampen mot den politiske globaliseringa som dagens politikarar har ført over lengre tid, uten at du er blitt involvert i spørsmålet. Skal Norge forbli eit fritt land vil stå og falle på om vi greier å forsvare nasjonalstaten. Her er kanskje vår største kamp framover. Utviklinga rundt oss går no svært fort. Dersom globalistpartia med H og Ap i spissen får med seg mange nok andre parti, så vil dei lukkast med å flytte vedtaksnivået i Norge frå våre folkevalde til internasjonale organ og då er vår friheit gått tapt. Herom er det liten tvil.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags