Framtidsperspektiv

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevDet går fort mot stortingsval 2017. Partia har hatt sine landsmøte med val av program, drøfting av framtidig politikk og vegval. Sist var det landsmøte for KrF som enno ikkje veit kva veg dei skal gå. Vi veit heller ikkje kva regjering vi får. Det kan bli avgjerande kven slike småparti som KrF vel å samarbeida med. Dei har ein viktig posisjon. Ikkje rart om «dei store» prøver å få til eit samarbeid med KrF. Kristeleg Folkeparti er eit verdiparti som er klår på kva dei står for, og som kan påverka samarbeidspartane sterkare til større dei blir.

Difor er kvar stemme til KrF viktig for å fremja dei verdiar partiet står for, først og fremst menneskeverd og livsrett for alle. Og den som ønskjer at landet vårt fortsatt skal byggja på den kristne arv og kultur, har eit klårt alternativ i KrF. Det handlar om å bevare søndagen som ein annleis og heilag dag. Det handlar om å gje borna som veks opp kunnskap om sin eigen kristne og kulturelle arv, så dei kan identifisera seg med den og vera stolt av den og tru på den. Difor vil vi ha større prosent kristendomsundervisning og bevare K-en i KRLE- faget.

Kvifor er Norge kåra til verdas beste land å leva i? Kanskje fordi vi har ein slik arv som gjennomsyrer samfunnet vårt, og kanskje fordi vi set livsrett og menneskeverd så høgt.

Somme av oss som opplevde krigen, lever enno. Vi som etterpå fekk vita dei grusame sanningar om forsking på menneskeliv, om rasehygiene og etnisk rensing og utrensing av individ og grupper som var uønska. Eit menneskesyn som var basert på sortering og som vi vel ikkje ønskjer å vedkjennast oss i dag.

Og vi har seinare vore sjokkerte over etnisk rensing, massemord og folkemord i andre land.

I dag er vi midt i ei rasande utvikling av genforskning, bioteknologi, metodar til å konstatere og lokalisere sjukdomar og «feil» på eit tidleg tidspunkt. Det kan brukast til mykje nyttig i teneste for livet, men det kan også brukast til å plukka ut dei som ikkje vil ha eit «verdig» liv, ut frå A4-standarddefinisjon, eller økonomisk nytteverdi.  Og etter kvart for å velja eigenskapar, kjønn etc. Det er alt i dag «lov» å fjerna ein av to tvillingar eller fleirlingar.

Noko som veldig lett kan føra til eit sorteringssamfunn, som KrF ikkje ønskjer å vera med på. Kristeleg Folkeparti står for eit menneskesyn med likeverd og med rett til liv for alle, også for dei som er annleis, som treng omsorg og pleie, slik vi alle kan koma til å trengja, ved ulukker og sjukdom, og når vi blir gamle. Respekt for alt liv og omsyn til dei svakaste er teikn på ein høg kultur.

Dei aller svakaste er borna, og KrF vil leggja til rette for at borna skal ha det trygt og godt. Det betyr også at vi ønskjer å gje foreldre fridom til å velja forskjellig for sine born, med større fleksibilitet, som dette landsmøtet gjekk inn for. Difor vil vi styrka kontantstøtte, barnetrygd, foreldrepermisjon, barnevern og god omsorg i barnehagane.

KrF vil samarbeida med dei som ønskjer å byggja på slike verdiar. Ved å støtta KrF kan vi vera med og styra samfunnet vårt i positiv lei.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags