Tilliten til politiet har gått tilbake

Av

Politiet har dei tre siste åra stått i endring. Største kostanden med å stå i endring er at publikum sin tillit til organisasjonen går ned. Det same har politiet i andre land sett. Også andre offentlege organisasjonar i Noreg har sett det same.

DEL

LeserbrevMåndag vart siste års innbyggjarundersøking for politiet presentert. Undersøkinga viser at tilliten til politiet har gått kraftig tilbake. Vårt politidistrikt var eitt av dei politidistrikta som hadde størst tilbakegang. Tilbakegangen var venta. Fleire andre europeiske land, mellom anna Sverige og Danmark, har vore gjennom ei politireform. Felles for alle er at innbyggjarane sin tillit til landets politi går tilbake når politiet er i endring. Det same har skjedd med andre offentlege etatar som har gjennomført reformer.

Er det fristande å argumentere mot undersøkinga og kvaliteten på den? Svaret er kort og godt nei. Det er heller ikkje fristande å leite etter syndebukkar for resultatet vårt.

Det som ligg oss nær er å forklare innbyggjarane kva endinga av politiet , både på kort og lang sikt, betyr for dei. Samstundes er det viktig at vi internt greier å formidle til dei tilsette kva som er effekten av reformarbeidet, gjerne samanlikna med kva som hadde vore situasjonen viss vi ikkje endra oss. På desse to områda har vi ikkje vore flike nok.

Politileiinga har ikkje vore flinke nok til å fortelje medarbeidarar og publikum om positive effektar av politireforma og at det tek tid før vi ser effekten av reforma

Verda er i endring

Politiet møter i dag ein heilt annan kriminalitet enn for berre nokre få år sidan. Det stiller endra krav til politiet.

Det som særleg har vist seg er den store auken i seksuallovbrot som er knytt til internett. Vårt Dark-room-prosjekt,  Operasjon Jupiter, har fått stor merksemd og fleire statsrådar har framheva det arbeidet som er gjort lokalt hos oss. Utan den nye organiseringa ville vårt politidistrikt ikkje ha hatt kapasitet og kompetanse til å avdekke, etterforske og iretteføre desse sakene.

Når verda endrar seg og kriminaliteten endrar seg, må også politiet endre seg. Vi ser politireforma som heilt naudsynt for  den vidare utviklinga av politiet, men det vil ta tid å få til alt vi vil.

Tiltaka vi gjennomfører

Vi har gjennomført fleire tiltak, mellom anna har vi etablert tettare samarbeid med kommunane, innført nye arbeidsmetodar, satsa meir på etterretning og førebygging og løfta satsinga på etterforsking. Alt dette er gjort for å heve kvaliteten på politiarbeidet.

Mange har vore skeptiske til reduksjon talet på lensmannskontor og at kommunane i staden har fått en politikontakt. Etter kvart som denne ordninga festar seg, så ser ein at dette er eit framsteg.

Mindre kriminalitet, men eldre saker

I media og i det politiske ordskiftet ser vi at det vert fokusert på at kriminaliteten går ned, men at restansane og saksbehandlingstida aukar. Dei som ikkje har ei rolle med ansvar i politireforma, skuldar nettopp reforma for denne utviklinga. Vi kan slå fast at det er feil. Uavhengige forskarar har undersøkt etterforskingskapasiteten i politiet. Den korte versjonen er at talet på dei minst arbeidskrevjande sakene går ned medan talet på dei mest arbeidskrevjande sakene går opp.

Vi strevar med kapasiteten på grunn av stor auke i dei mest arbeidskrevjande sakene  saman med auka krav til kvalitet i etterforskinga. Auken overstig etterforskingsressursane, sjølv om talet på saker går ned. Meir enn 30 % av etterforskingskapasiteten går til knapt 3 prosent av sakene.

Grunnen til at det tek tid å endre politiet

Midt under reforma har vi hatt ei kraftig auke i tale på dei mest arbeidskrevjande sakene.  Reformarbeidet utfordrar arbeidet med dei krevjande sakene. På same tid utfordrar dei arbeidskrevjande sakene reformarbeidet.

Det har vore naudsynt å styrke kvaliteten og rettstryggleiken for alle partane i ei straffesak, spesielt i etterforsking av seksuelle overgrep.  Vi veit at vi leverer betre kvalitet i dag enn før reforma fordi vi har fått betre og grundigare metodar for å innhente og bearbeide elektroniske spor.

Vi endrar både organisering, teknologi, arbeidsmetodar og arbeidsprosessar. Dette tek både merksemd og kapasitet. Det kjenner medarbeidarane på kroppen og innbyggjarane merkar det eller les om det.

Våre folk skal greie det daglege arbeidet samstundes som nye arbeidsprosessar i dei nye organisasjonane vert etablert og går seg til. Vi har planlagt for opplæring i nye metodar, men også dette medfører redusert kapasitet til daglege gjeremål.

Større budsjett

Dei samla budsjetta til politiet har hatt ei kraftig auke dei siste åra. Vi har hatt ein stillingsvekst som vi for få år sidan berre kunne drøyme om. Isolert sett kan det sjå ut som om vi har hatt ei kraftig kapasitetsauke. Det er dessverre ikkje rett. Nye funksjonar, nye roller, nye arbeidsmetodar m.v. som alle har si grunngjeving i betre kvalitet, har saman med kriminalitetsutviklinga utfordra kapasiteten vår kraftig.

Difor trur vi på politireforma

Behovet for ei politireform er det alle som ser. Det er ingen diskusjon om det i dag. Det er også liten diskusjon om innretninga av reforma.

Hovudgrunnen til at vi trur på reforma er at vi i vårt politidistrikt har nesten 600 tilsette som identifiserer seg med samfunnsoppdraget og som har eit genuint ynskje om å levere gode tenester til innbyggjarane.

Svara i innbyggjarundersøkinga viser at vi får gode tilbakemeldingar på jobben vi gjer

Vidare ser vi at dei endringane som er gjort er i ferd med å gje resultat. Statsadvokatane rapporterer om betre kvalitet i straffesaksarbeidet. Dei tilsette rapporterer positivt om nye arbeidsmetodar. Kommunane rapporterer om god samhandling i politiråda og med politikontaktane i dei kommunane der vi har fått fart på dette arbeidet.

Vi står framleis i reform. Status kan vi først gjere opp om eit par år, når dei nye tiltaka har fått virka. Vi er optimistiske med tanke på effekten av reforma.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags