Dei eldre og kommune- og fylkestingvalet

Av
DEL

LeserbrevI siste utgåve av Pensjonistforbundet (Pf) sitt medlemsblad Pensjonisten kan ein lese at Pf i Finnmark manar til innsats for å få fleire pensjonistar med i landet sine kommmunestyre.

Det er ei kjend sak at dei eldre gjennomgåande er sterkt underrepresenterte i kommunestyra i forhold til andelen av befolkninga. Dette er fakta som klårt kan dokumenterast.

Det er viktig at alle aldersgrupper frå myndighetsalderen og oppover er med i folkevalde organ. På den måten vil mangfaldet betre kome fram. Den som har skoen på, veit best kor den trykkjer.

Eldre i dag er ein ressurs på mange måtar, og må ikkje berre sjåast på som ein utgiftspost. I mange samanhengar kan dei eldre utføre ein god jobb på det folkevalde planet. Dei eldre har livserfaring og kunnskap. Mange har vore med på  frivillig arbeid i lag og organisasjonar. Det er viktig at dei eldre si røyst blir høyrd i den politiske debatten. Eldre må takast på høgste alvor, og takast med på råd.

Eg vil nemne eit døme kor eldre folkevalde kan påverke og vere med å gjere ein god jobb. Regjeringa la fram kvalitetsreforma «Leve hele livet» den 4. mai 2018. Målgruppa for reforma er eldre over 65 år, og oppstarten var frå nyttår 2019. Reforma handlar om viktige sider ved livet som fellesskap, aktivitet, deltaking, førebygging, mat og måltider, rett helsehjelp og god samanheng i tenestene. Denne kvalitetsreforma skal gjennomførast utan auka overføringar til kommunane.

Kommunane må kartlegge eigne behov og utfordringar når det gjeld dei nemnde innsatsområda. Å få med dei eldre sjølve, frivillige og pårørande er viktig. Vidare er eit godt samarbeid mellom kommunen, Pensjonistforbundet sine lokallag og eldreråda av stor betydning for å kunne lykkast med å sette denne kvalitetsreforma ut i livet på ein god måte. Eldre folkevalde vil kjenne den aktuelle målgruppa godt og kan på ulike måtar gjere sitt til at gjennomføringa av reforma blir vellykka. Utgangspunktet må vere at alle eldre kan få brukt ressursane sine og dekt behova dei måtte ha. Dette må gjelde same kor ein måtte bu i dette landet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags