Takk for nynorsken, TK!

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevNynorsk har i sommar blitt svært så synleg i spaltene i Tidens Krav. Om årsaka er ein gjennomtenkt strategi i redaksjonsleiinga eller at ein engasjert og dyktig ferievikar har fått frie tøyler, veit eg ikkje. Kanskje er det begge deler? Uansett er det svært gledeleg! Og kanskje kan vi håpe at også andre medie-, næringslivs- og kommunale aktørar på Nordmøre let seg inspirere av TK?

Nyleg vart musikaren Helge Gravvold og underteikna intervjua av Tidens Krav om samarbeidet vårt, som i vår resulterte i Gravvold sitt album «Ingen andre». Eg skriv tekstene, han lagar melodiane og sidan vi begge er utflytta surnadalingar, er det naturleg for oss å satse på nynorske tekster.

Tidens Krav sin dyktige sommarvikar Peder Skjelten skreiv ein flott artikkel om oss – på nynorsk. «Skulle berre mangle, sidan songtekstene er på nynorsk», seier du kanskje. Og det har du i så fall rett i, men no nærmar eg meg poenget, og det er at Skjelten har «fått lov» av den elles så bokmålsdominerte TK til å bruke nynorsk i ganske så stor skala.

Les og: Musikar frå Surnadal med overraskande suksess i Sør-Amerika

TK har hatt nynorskartiklar før også, men da har det gjerne vore på kultursaker og andre «mjuke» artiklar. I sommar har sanneleg avisa brukt nynorsk på «harde» artiklar som næringslivsstoff også, og 12. juli hadde Skjelten førstesideoppslaget om bondesatsing på fornybar energi – på nynorsk.

No er det min tur til å seie «Skulle berre mangle». For på Nordmøre er så mange av dialektene så nynorsk-nære at det burde vore langt jamnare fordeling mellom nynorsk og bokmål i avisene enn det er no.

Ikkje berre i avisene, forresten. Eg har ingenting imot bokmål, og har sansen for variasjon i skriftspråket. Eg er også i prinsippet tilhengar av at folk skal kunne bruke den målforma dei kjenner seg tryggast på.

Likevel: Rundt om i nordmørskommunane blir det snakka mykje om nærmiljø og lokal identitet. For meg er dialekt og målform sentrale delar av nettopp den lokale identiteten. Da er det litt vanskeleg å forstå kvifor kommunar og næringslivsaktørar som jobbar med å fremje busetting og lokal stoltheit på Nordmøre, meiner dei må gjere det på bokmål. Tidvis på ganske så konservativt bokmål, også.

Ta til dømes Rindal kommune, som no søkjer etter økonomisjef. At det i den bokmålske utlysinga blir bruka floskelformuleringar som at dei ser etter nokon med «gode muntlige og skriftlige kommunikasjonsferdigheter», får så vere. Verre er det at dei søkjer etter nokon som «har lyst til å bli med oss inn i fremtiden».

Nei, kjære rindalingar: Sjølv om de snart skal til Trøndelag, er ikkje fremtiden i kommunen dykkar, men framtida er der. Det er dét de seier, de som bur der. Og om de kanskje meiner det er ekstra stas å skrive på bokmål, så er framtida også eit godkjent bokmålsord. Men administrasjonen meiner kanskje at fremtiden og konservativt bokmål framstår meir seriøst enn framtida og nynorsk når nye sjefar skal rekrutterast?

No var ikkje poenget å harselere ekstra med Rindal kommune, som sikkert ikkje spesielt verre enn andre. Men sidan eg altså opprinneleg er surnadaling og i mange år jobba som journalist i regionen, er eg overraska over at stadig fleire i og rundt Indre Nordmøre meiner det er mest naturleg å bruke bokmål.

Både Rindal, Halsa, Tingvoll, Gjemnes og Sunndal kommunar brukar bokmål på heimesidene sine. SuSu (Utviklingsprogrammet for Sunndal og Surnadal) gjennom merkevaren Sjekk Nordmøre arbeider for lokal bolyst, men sjølv om dei stiller på stand i Trondheim med dialektuttrykk i PR-materialet, er heimeside og offentleg profilering i det store og heile på bokmål.

Eg sjekkar driva.no og trollheimsporten.no medan eg skriv dette, og konstaterer at så å seie alt på førstesidene er på bokmål. Surnadalske bastionar som sparebanken, hotellet og Nordmøre Folkehøgskule marknadsfører seg med ... ja, eg treng ikkje skrive det; du veit det.

Kulturskolen på Indre Nordmøre kallar seg nettopp det, men skal ha pluss for at dei i det minste presenterer seg på nynorsk på heimesida (Da ser eg stort på at det konsekvent blir skrive «skolen» i den nynorske teksta. Dei må vel det, sidan namnet er kulturskolen…). Den vidaregåande skulen i Surnadal har på si side valt det noko spesielle og målformforvirra Surnadal vidaregåande skole.

Slik kunne eg sikkert ha fortsett, men poenget er ikkje å få det til å høyrast ut som at bokmål er berre fy og fælt (Og eg vil da ikkje framstille meg som ein altfor utprega 3G (grinete gammal gubbe heller).

Poenget mitt er at det verkar som om mange nordmøringar – ikkje minst dei frå indre strøk – undervurderer nynorsken; at den ikkje er «bra nok» i offentleg profilering; at den er «bondsk». Alt dette er sjølvsagt berre tøv! På Nordmøre står nynorsken for identitet, stoltheit og styrke. Så takk til Tidens Krav og Peder Skjelten for oppsvinget i spaltene i sommar. Håpar det held fram også til hausten – og at fleire følgjer etter!   

Bjørn Tore Brøske

Følg på: Facebook

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags