Nei, til språkleg sentralisering

Av
DEL

LeserbrevEg ser at det skal vera røysting om opplæringsmålet ved skular i Sunndal kommune. Det er bra at språkspørsmålet blir diskutert, det er med på å skjerpe oss alle.  Eg voks opp på Normøre og hadde nynorsk som opplæringsmål. I praksis har det ført til at eg som vaksen kan skrive nynorsk og bokmål like lett. Det ser eg på som ein stor fordel som eg har fått med meg heilt gratis.

Sidan nordmørsdialekta er så lik nynorsk, har eg alltid kjent dette skriftspråket som mitt eige språk. Dette ser eg i dag på som ein stor verdi som eg har fått med meg frå Nordmøre.

Språksaka handlar ikkje om partipolitikk, men saka er politisk på ein annan måte. Viss vi som snakkar nordmøring og andre dialektar, stemmer for bokmål, så stemmer vi for at bokmålet skal dominere enda meir enn det alt gjer. Viss vi ikkje fører dialekten vår og skriftspråket vårt vidare, er det ingen andre som gjer det for oss. Da er vi med på å svekke vår eigen språklege tradisjon. Alle i Sunndal som ønskjer å motverke den språklege sentraliseringa, må difor stemme nynorsk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags