Stiftelsen Nordmøre museum - frå kompromiss til museum?

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevNordmøre treng høgt utdanna kompetansemiljø for å forvalte, forske på og formidle kulturarven.  For å få det bra til bør museumsfolk og museumsvenner sjå utover eigne grenser for å bli del i større museumsnettverk.  Å vere museum betalt av felleskapet i framtida krev endring mot meir fag, dersom staten meiner alvor med museumsreformen.        

Ein veg for Nordmøre kan vere fagleg felleskap i Møre og Romsdal.  Det ligg det til rette for når større ansvar for feltet no truleg blir overført til regionnivået.  Stiftelsen Nordmøre museum (SNM) må likevel halde fram som sjølvstendig organisasjon, slik det er fastsett i vedtektene.   Vedtektene slår også fast at SNM er ein vitskapleg institusjon.  Å leve opp til det føreset utvida fagleg felleskap og nettverk.  SNM må omfatte ¼ av ressursane i dette felleskapet.     

Å grunngje ein slik strategi gjer det nødvendig å gå gjennom prosessar som har prega SNM.           

Det nye Nordmøre museum kom til 14.05.2003 som resultat av statens museumsreform. Eit startpunkt er Stortingsmelding nr. 22 (1999-2000) Kjelder til kunnskap og læring, om arkiv, bibliotek og museum i ei IKT-tid.  Dette førte til at museumsreformen kom til Møre og Romsdal, der «konsoliderte einingar og nasjonale nettverk» vart både mål og middel for fylkeskommunen i 2002. 

Som del av arbeidet mot felles museumsorganisasjon på Nordmøre var det 19.04.2003 eit stort møte for museumsfolk i Halsahallen.  Svar frå gruppearbeid denne dagen viser stor vilje til å bygge den nye felles museumsorganisasjonen.  Mange la vekt på likeverdige avdelingar og eit sentralledd til hjelp i det faglege arbeidet. 

Fylkeskommunen ønskte å vere tidleg, helst først ute med å få til konsolidering og kom nok i skade for å love i meste laget, både av fagleg støtte og ikkje minst meir penger utan tap av lokal sjølvråderett.  Dette «forventingsavviket» har kome til uttrykk frå lokale museumsfolk som rettferdskrav om vidare fordeling av offentlege tilskot til SNM, til lokale museumslag.     

Med eit slikt bakteppe vart det ikkje berre enkelt når kvardagen kom etter 2003.  Samarbeid fungerer når roller er avklart og akseptert. Skulle sentralleddet styre eller støtte det lokale? Og er det lokale lokalt tilsette i SNM, eller lokale styre? Det har blitt kompromiss.  For SNM vart «konsolidering» det sentrale mantra; som mål, som middel, og kan hende også som myte.  Kva skal det innebere at organisasjonen SNM (eller organisasjonane i SNM) skal bli meir konsolidert; altså bli ein tettare konstruksjon?  Vegen mot sameining av ønske har mange kompromiss.       

I åra etter 2003 kom fleire statlege føringar, m.a. i Stortingsmelding nr. 49 (2008-2009) Framtidas museum om forvaltning, forsking, formidling og fornying.  Her er føremål med museumsreformen opphaveleg formulert i St.meld. nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 gjentatt og framheva: målet er færre, og konsoliderte museum, fagleg og økonomisk sterke nok til å ta del i nasjonale nettverk på meiningsfylt vis. Tanken her er ikkje sentralisering, det skal vere lokale formidlingsarenaer innanfor ein konsolidert fagleg og institusjonell struktur.  Målet er å styrke lokalt engasjement i kulturvernet, styrke fagleg kompetanse på regionnivå og å samordne musea i nasjonale nettverk.  Kan alle desse måla sameinast, eller peikar dei ulike vegar?  Er omgrepa presise nok, eller er det store rom for konkurranse mellom forståingsmåtar?

Vi kan sjå statlege ønske om nyttemaksimering på armlengdes fråstand.  Mål på lokalt nivå får ei form av at alle vil det beste, men kan hende ikkje det same?  Dersom det er slik, i alle høve eit stykke på veg, er definisjonsmakt nøkkel til å «vinne» konkurransen om fakta (kva som er), og dermed om kva som er rette middel for å nå mål med allmenn tilslutning. Det er vel det saka gjeld, avkledt all staffasje; middel på lokalt nivå er makt til å fordele ressursar til føremål; arbeidstid og pengar.  

Det er vel her vi er 15 år etter: måla er generelle og midla er ikkje særleg tydelege.  Det er lagt til rette for forhandling og kompromiss  om kva som er konsolidert museum.   Ei forhandling har gjerne eit sluttpunkt, eit kompromiss partane kan leve med.  I SNM er forhandlingar og kompromiss på eit vis blitt varig aktivitet.

SNM har ein relativt stabil ressurstilgang i form av arbeidskraft og pengar.  Desse ressursane går til fagleg arbeid inklusive støttefunksjonar, men også til å halde organisasjonen vedlike.  Den siste oppgåva har frå 2003 vore prega av forhandlingar om definisjon av kva konsolidering av SNM er, og kva følgjer det skal ha.  Kven er partar i desse forhandlingane, og kva blir det forhandla om?

Staten er part som største tilskotsgjevar, med krav til bruken av pengane. Fylkeskommunen er her ei «mindre» utgåve av staten, som gjerne vil framstå relevant ved å ha meir spesifikke faglege krav til bruken av pengane.  Fylkeskommunen representerer dels på uformelt vis også staten, og posisjonerer seg for å overta meir av statens rolle som regional museumsstyremakt. 

Kommunane på Nordmøre er partar og betalar for å ha SNM i drift. Vilkåret frå dei fleste er at pengane skal gå til løn til ei konkret museumsfagleg stilling lokalisert i kommunen.  Lokale eigarstyre for museumsanlegg er også partar i forhandlingane.  Deira betaling for SNMs drift er gjennomgåande å stille anlegg til rådvelde, samt frivillig arbeid med vedlikehald og drift av eigne anlegg.  Vilkår er å ha eigen sjølvstendig økonomi, ha tilgang til lokalisert museumsstilling si arbeidstid, og høve til å søkje tilskot frå eller ved hjelp av SNM.   Det er også føresett at eigarstyra skal ha meir generell tilgang til faglege ressursar i SNM.  Partsposisjon som kommune og som eigarstyre er prega av at personar har skiftande og gjerne fleire roller. 

Tilsette framtrer på ulike vis også som partar, om enn uformelle.  Det er alliansar mellom einskildtilsette og lokal vertskommune og/eller lokal eigar.  Tilknytning og lojalitet går ofte mot det daglege, lokale, og i mindre grad mot det meir fjerne, sentrale, der arbeidsgjevarfunksjon og fagleg leiing er lokalisert.  Dette svekker SNM som homogen part med fagleg integritet overfor lokale interessentar.  Tilsette i SNMs eigen vertskommune Kristiansund har ingen lokal eigar (SNM eig anlegga) eller kommune som potensiell allianse og framstår med anna partsrolle i spenninga mellom å vere lokal, eller felles ressurs. 

Staten ønskjer å yte tilskot med generelle føringar på bruken av pengane, og lever opp til det gamle prinsippet om å la musea styre seg fagleg med staten på armlengdes fråstand.   Fylkeskommunens si arm er kortare.  Administrasjonen der vil ha meir styring, men blir avgrensa av politiske omsyn til det lokale og det frivillige sjølvstyret. 

Kommunane si arm er gjerne endå kortare, og vil gjerne la den lokale museumsverksemda kome til møtes ein del av lokale krav om kommunal kulturverksemd.  Dermed kan kommunale kulturpengar nyttast til andre føremål. 

Lokale eigarstyre har ikkje noka arm i det heile, dei er heilt innpå, og vil ha «sin del» av SNMs ressursar til å betale for eiga verksemd av typen vedlikehald av bygg og andre eigendefinerte tiltak og aktivitetar.  SNMs eigne tilsette har ulike interesser, dei som har mest lokal lojalitet deler interesser med lokale eigarstyre, medan andre meir kollektivt og museumsfagleg orientert.

Fagleg tilsette utan spesifikk geografisk lojalitet ser til føring frå staten om å byggje robuste, fagleg sterke og autonome museumsorganisasjonar som skal arbeide for å nå dei statlege måla for museumspolitikken.  Fagpersonell på lokasjon er i denne samanhengen då eit middel, ikkje mål i seg sjølv.  

Forhandlingar for å samordne desse dels motstridande måla blir i lett skjøre kompromiss som må haldast vedlike kontinuerleg.  Staten vil ikkje styre utover det generelle, fylkeskommunen vil styre så lenge det ikkje blir for krevjande, men får ikkje heilt lov av politisk nivå, kommunane vil gjerne styre, men då museum som del av ein kulturetat meir enn som fagmuseum.  Lokale eigarstyre vil som rimeleg er gjerne styre pengar til eigne lokale tiltak etter eiga prioritering.

Eit fagleg perspektiv er at museumspolitikken på lokalt nivå lett blir spørsmål om ressursfordeling til lokale kulturtiltak, både museal og mindre museal aktivitet i lokalsamfunnet.  Faglege omsyn kan måtte vike for lokalpolitiske preferansar.  Det blir litt som om alle kan definere kva som er skole og korleis skolen bør vere i kraft av erfaring som elev.  Pedagogisk kompetanse har mindre vekt.  Tilsvarande analogiar er tallause; helsevesen, bygningsvesen, mattilsyn, bankvesen osb.

Museumsfaget som legitimering av handling er under press, frå eit verna tilvere i dei store, vitskapelege institusjonane, over mot tilpasning til lokal politikk og entusiastiske frivillige motivert av å følge sine eigne prosjekt.  Alternativet til aksept for at museumsfaglege omsyn bør grunngje lokal handling, er at museumsfagleg verksemd på lokalnivået kan forvitre og ikkje lenger vil vere fagleg relevant.

Ei bekymring for utviklinga i SNM er at allmenne lokale omsyn (gode føremål) kan vatne ut fagleg integritet i organisasjonen.  Manglande faglege innslag på styrenivå kan forsterke dette.  Då vil spørsmåla lett kome, om korfor staten skal yte museumstilskot til føremål som nokon vil seie knapt er museum slik det er definert i museumsreforma.  Dersom lokale ønske om aktivitet skal definere rommet for faglege omsyn, er vegen kort til den svenske modellen med få store vitskapelege institusjonar (museum) finansiert av staten, og bygdetun og samlingar rundt omkring, utan statleg tilskot.  Om den svenske modellen er «betre» enn den norske, er ei anna sak.   Derimot er det lite truleg at ein vitskapeleg institusjon etter svensk modell ville bli lokalisert i Møre og Romsdal, slike blir nok knytt til dei største byområda.

SNM bør no ta stilling til kva SNM skal omfatte av anlegg og aktivitet.  Dei anlegg og den aktivitet som SNM skal stå for bør vere del av SNMs økonomi og styring.  Driftsavtalar bør vere mellom SNM og kommunane, og ikkje omfatte personalforvaltning.  Lokale private eigarstyre bør ha avtalar med kommunen. SNM kan då overføre knappe ressursar frå forhandling til fag. Med slik orden i eige hus er SNM klar til å ta del i ein større fagleg felleskap, som svarar på statens krav om forvaltning, forsking, og formidling av kulturarven på Nordmøre.                       

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags