Norge må få ein ny klimapolitikk – og det hastar!

Av
DEL

Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

Leserbrev5. juni er verdas miljødag. Den blei oppretta av FN i 1972, og målet var å auke folks medvit om miljøspørsmål. Derfor kan det vere verd å sjå litt nærare på korleis vi i Norge forvaltar naturen og naturressursane rundt oss. Tar vi vare på naturen? Eller er vi ein fare for den naturen vi er ein del av?

                Det største trugsmålet mot naturen er klimautsleppa, som har auka farleg mykje siste åra. Som eit av verdas rikaste land er Norge ein av «verstingane» når det gjeld klimautslepp. Men gir det at vi er rike oss rett til å forureine meir enn andre? Nei, med vår rikdom burde vi heller vere verdsleiande i arbeidet for å redusere utsleppa. Men slik er det dessverre ikkje. Ein gjennomsnitts nordmann slepp ut meir enn 20 gongar meir klimagass enn ein person frå Bangladesh. Det er kanskje ikkje så overraskande. Men kvifor slepp nordmannen ut dobbelt så mykje som ein svenske?

Høgre + Frp = auka utslepp

Norge har som mål å redusere klimagassutslepp. Men fører politikken vår oss nærare dette målet? Dessverre ikkje. I dei fire åra Høgre og Frp har site i regjering har utsleppa ikkje gått ned. Tvert om har regjeringa arbeidd for å avskaffe nasjonale utsleppsmål og ivra for å kjøpe utsleppskutt i andre land. No skryt dei av utsleppskutt i 2016. Sanninga er at bak dei såkalla utsleppskutta ligg det eit rekordstort forbruk av palmeolje som øydelegg regnskogen. Utrekningar viser at palmeoljebruken som regjeringa er ansvarleg for, fører til større utslepp globalt enn dei totale utsleppskutta i Norge. Derfor vil SV kaste Høgre og Frp ut av regjeringskontora og palmeoljen ut av drivstoffet.

Auka utslepp = ekstremvêr

2016 var det varmaste året på jorda sidan slike målingar starta. I Norge gjev dette meir ekstremvêr og flaum. Men det er ikkje vi som blir hardast råka. Paradoksalt er det dei som forureinar minst som merkar ekstremvêret hardast. Visste du at det er fleire menneske på flukt grunna klimaendringar og ekstremvêr enn som følgje av krig og konflikt?

                Høgre/Frp-regjeringa er meir opptatt av å redde oljenæringa enn å redde jorda. Derfor opnar dei nye oljefelt framfor å investere i fornybar energi. Og dei nyttar milliardar på vegar framfor å byggje ut jernbanen. Dette er ikkje den politikken naturen, Norge og verda treng! Den fører til skade både på kort og lang sikt. Vi treng ein heilt ny klimapolitikk. Og det hastar!

                Norge må kutte kraftig heime, og slutte å legge ansvaret på andre land. Olje og gass har plassert Norge nær utsleppstoppen og det gir oss eit særskilt ansvar. Det viktigaste vi kan, og må, gjere, er å la olje og gass bli liggjande. Derfor må vi sørge for ei kontrollert, men likevel rask, nedbygging av olje- og gassverksemda langs kysten vår. Verda har alt no funne meir fossil energi enn kloden og klimaet toler. Skal vi greie å løyse klimautfordringane må store delar av verdas fossile ressursar bli ubrukte. Her har Norge eit stort ansvar som vi må ta på alvor, noko dagens regjering ikkje gjer!

Krav til ei ny regjering

Ingen av dagens tre største parti, Ap, Høgre og Frp, har noko å skryte av når det gjeld miljø- og  klimapolitikk. Dagens regjering har vist i praksis at dei verken kan eller vil føre ein politikk som fører mot målet om reduserte utslepp. Derfor vil SV ha ei ny regjering etter valet. Men vi har klare krav for å støtte ei ny regjering med Ap i førarsetet.

                Eit minstekrav for å gå i forhandlingar om makt etter stortingsvalet, er semje om tiltak som kuttar eigne utslepp med minst 3 mill. tonn i komande stortingsperiode. På lang sikt må Norge styre mot eit mål om nullutslepp. Utslepp av klimagassar i Norge må reduserast med minst 50 prosent innan 2030, og målet er at Norge skal bli fritt for fossile utslepp innan 2040.

Lofoten, Vesterålen, Senja – og Mørebankane!

SV har utforma ein realistisk politikk med konkrete tiltak for å nå målet om reduserte utslepp på kort sikt, og nullutslepp på lang sikt. Eit av dei viktigaste tiltaka er varig oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Og for oss i Møre og Romsdal: Mørebankane skal ikkje opnast for oljeverksemd!

                Fiskeri er ei dei viktigaste næringane våre, både når det gjeld arbeidsplassar og inntekter, for ikkje å snakke om at fisken gir mat til millionar, både innanlands og utomlands. I motsetnad til olje og gass er fisk ein evigvarande ressurs, dersom vi forvaltar han rett. Farvatna utanfor kysten vår er gyte- og oppvekstområde for enorme mengder fisk. Dette er verdiar vi må ta godt vare på. Det gjer vi m.a. ved å sikre at ikkje forureining, verken uavgrensa mengder av plast i hava eller ukontrollerte oljeutslepp, øydelegg fiskebestandar som er meint å vere føde for menneske i all framtid. Derfor vil SV aldri svikte Lofoten, Vesterålen og Senja, - eller Mørekysten!

                SV har også andre løysingar på klimautfordringane som vi vil kjempe for, m.a.:

  • Prioritere pengar til kollektivtrafikk, gang- og sykkelvegar – framfor motorvegar inn mot byane.
  • Byggje ut lyntog – framfor å utvide flyplassar ved dei store byane. Derfor er vi mot nye rullebanar på Gardermoen og Flesland.
  • 9 av 10 nye bilar i 2021 skal vere elbilar/nullutsleppsbilar. Vi vil vri kjøpsavgiftene på nye bilar slik at elbilen utkonkurrerer bensin- og dieselbilen i nybilsalet.
  • Kutte utslepp og skape vekst i industrien med ny teknologi og fangst og lagring av CO2.
  • Trekke oljefondet ut av investeringar i fossil energi.

Norge treng ein heilt ny klimapolitikk. Og vi treng han NO! SV står for ein ansvarleg politikk som har som mål å redusere klimagassutsleppa kraftig på kort sikt, og fjerne dei heilt på lang sikt. Vil du verne livsgrunnlaget for kloden vår bør du stemme SV ved stortingsvalet i haust!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags