Lien snakker med to tunger

Av
DEL

LeserbrevOrdførar Geir Inge Lien i Vestnes er Møreaksen-tilhengjar. Senterpartiet sitt årsmøtevedtak om å stemme for ei utgreiing av Romsdalsaksen omtalar han slik i eit intervju med Vestnesavisa 28. august i år:

«Det var i eit lesarinnlegg laurdag 20. juli på ksu.no at SP sin fylkesordførarkandidat, Kristin Sørheim, skreiv at «SP i Møre og Romsdal har vedtatt at vi ønsker utredning av Romsdalsaksen og jeg regner med som selvsagt at gruppa stemmer for det». Likevel er Geir Inge Lien, som står på andreplass på fylkestingslista, usikker på kva han skal stemme.

– No har ministeren (samferdselsministeren, red. anm) opna for flytebrualternativet på Møreaksen, så da får vi vente på det og sjå kva kostnadar og moglegheiter som blir rundt det. Da tenker eg at vi får dei svara vi treng rundt bru og fjordkryssing, og så har ministeren sagt at der ligg Møreaksen fast, forklarer Lien.

– Så Kristin Sørheim tar feil når ho reknar med at du vil stemme for ei utredning av Romsdalsaksen?

– Nei, feil og feil. Det får vi ta når den tid kjem. Men i utgangspunktet held eg meg til at ministeren har opna for å sjekke bru-teknologien over Møreaksen, altså flytebru, seier Lien.

– Senterpartiet i Møre og Romsdal har sagt at vi kan støtte ei utredning av Romsdalsaksen dersom staten tar rekninga, men da må avklaringa komme no, og utredninga skal ikkje rokke ved plasseringa i NTP når det gjelder Ålesund- Molde, og det kan eg støtte, legg Lien til.

– Så sjølv om Kristin Sørheim tar det som sjølvsagt at heile gruppa stemmer for utredning av Romsdalsaksen, så er du likevel usikker på kva du skal stemme?

– Ja, eg er usikker fordi eg trur vi har fått ei avklaring før den tid kjem om det er mogleg med flytebru og kostnadar når dei skal sjå på det over Møreaksen, seier Lien.»

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags