Når gjelda knekk kreativiteten

Av
DEL

MeningerFylkesrådmannen i Møre og Romsdal vil kutte der Utdanningsdirektoratet vil satse.

Kreativ ungdom får færre valmoglegheiter om forslaget går gjennom. Det er dramatisk. Kulturlivet i fylket vil miste deltakande kreativ ungdom, og Møre og Romsdal vil bli eit fattigare oppvekstfylke.

I 2020 kjem den store fagfornyinga inn i norsk skule. Med den skal skuleverket ta sitt store fyrste steg sidan Kunnskapsløftet i 2006. Noko av det viktigaste i fornyinga er å lære elevane kreativitet og problemløysing. Og før denne er klar for klasseromma føreslår altså fylkesrådmannen å kutte dei kreative utdanningsretningane til beinet.

For dei elevane som tenkjer seg vidare til høgare utdanning finst det i dag fleire val. Dei kan til dømes velje den tradisjonelle studiespesialiseringa, eller dei kan velje mellom tre kreative linjer. «Musikk, dans og drama» (MDD), «Kunst, design og arkitektur» (KDA) og «Medium og kommunikasjon» (ME) er alle kreative vegar til studiekompetanse. Dei elevane som vel desse retningane får studiekompetanse når dei er gjennom det treårige løpet, og kan gå direkte vidare på høgskule eller universitet.

Alle desse tre linjene kan vente kraftige kutt dersom fylkesrådmannen sitt forslag blir vedteke. KDA og ME finst i år på fire skular i fylket. I det nye forslaget blir talet to. For MDD betyr det at nær sagt alle klassane i fylket blir halverte.

«Vi trenger barn og unge som reflekterer, er kritiske, utforskende og kreative.» Det skriv Utdanningsdirektoratet om kvifor fagfornyinga blir gjennomført. Med denne ønsker direktoratet å gjere ungdom klare for eit framtidig yrkesliv der endringar vil kome. Møre og Romsdal ligg an til å gå motsett veg.

«21st Century Skills», eller dugleikar for det tjuefyrste hundreåret, blir mellom anna av Ludvigsen-utvalet framheva som viktig for folk i framtida. Arbeidstakarar skal vere gode på å tilpasse seg endringar, dei skal kunne løyse problem, og dei må vere kreative i møte med utfordringane dei kjem til å møte. Dei tre kreative studieførebuande løpa gir elevane høve til å utforske, reflektere og vere kreative, som fagfornyinga etterspør.

Der forsking viser at den kompetansen elevane får med seg frå dei kreative studieretningane trengst i framtida, seier fylkesrådmannen at dei går ut frå det næringslivet etterspør. «Vi skal ha relevante og framtidsretta tilbod som bidreg i rekrutteringa til lokal og regional arbeidskraft», skriv fylkesrådmannen i si anbefaling. Dei store kutta som fylkeskommunen no vil gjennomføre, går direkte ut over dei som er framtidas regionale arbeidskraft.

Er det noko næringslivet her i fylket er kjent for, er det nettopp kreativitet, samhandling og innovasjon. Å sparke bein for dei utdanningsretningane som byggjer opp under dette er ikkje framtidsretta. Det er å spare seg til fant.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags