Regjeringas landbruksmelding må avvisast

Bonde Stein Brubæk

Bonde Stein Brubæk

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevGrunntanken i Stortingsmelding 11 (2016-17) «Endring og utvikling. En fremtidsrettet jordbruksproduksjon» er at norsk matproduksjon endå meir enn i dag skal finne sin plass innanfor den rike verdas matmarknad. Marknaden legg rammene, og norske matprodusentar og styresmakter må ordnast innanfor desse rammene. Ikkje noko ord går att så ofte i meldinga som marked/markedstilpasning.

Av dette følgjer også at landbasert matproduksjon i Norge skal trappast ned. Fordi landbasert matproduksjon er arbeids- og kostnadskrevjande i vårt land, ønskjer regjeringa å overlate meir av den til land med gunstige føresetnader, og at norsk matforsyning blir basert meir på import av landbruksmat eller dyrefôr. Berre den matproduksjonen som kan greie seg innanfor marknaden, skal overleve og støttast.

Internasjonalt utval i Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner dette er uansvarleg tenking. Tenkinga tek ikkje på alvor at 800 millionar av våre medmenneske lever under sveltegrensa og at også vårt land må følgje FNs berekraftmål og gjere ein innsats for å vinne over svolten. Den tek heller ikkje på alvor at mykje av verdas matproduksjon skjer på måtar som bryt ned i staden for å vedlikehalde og byggje opp naturen, og at dette aller mest gjeld det marknadstilpassa, industrialiserte landbruket.

Om Norge legg denne meldinga til grunn for landbrukspolitikken, vil følgjene for vårt land bli

  • meir usikker mattilgang,
  • meir risikofylt kosthald,
  • tap av arbeidsplassar og distriktsbusetnad, 
  • større avhengigheit av andre og difor mindre nasjonalt handlerom.

For verdssamfunnet vil følgjene bli

  • eit norsk bidrag til auka svolt,
  • agroindustri framfor smålandbruk,
  • meir forureining og oppvarming,
  • skarpare todeling av verda.

I 2017 er uvissa rundt framtida globalt og i vår del av verda større enn på mange tiår, med veksande nasjonale og mellomnasjonale konfliktar i mange land, utslepp av klimagassar utanfor kontroll, meir og meir øydelagd miljø, fleire menneske på flukt enn nokosinne sidan andre verdskrig, tiltakande konfliktar mellom verdas stormakter og ein sårbar og usikker matproduksjon både på land og hav.

Nyleg gav såleis EUs miljøbyrå EEA ut rapporten «Climate change, impacts and vulnerability in Europe 2016». Byrået hevdar at klimaendringane gjer at verdsdelen truleg står framfor livsfarlege hetebølgjer, spreiing av nye sjukdommar på planter og dyr, reduserte nedbørsmengder i mange område, tørke og avlingsnedgang i land etter land. «Me er nøydde til å få betre tilpasningsstrategiar for å redusere risikoane», sa direktør i EEA Hans Bruyninckx då rapporten vart presentert. Slike vurderingar er så å seie ikkje tekne inn i regjeringas melding. For dei er det berre marknad.

Det at USA, verdas fremste forkjempar for fri handel dei siste tiåra, no har fått ein president som styrer landet i ei meir proteksjonistisk lei, gjer at det å basere matforsyning på import blir meir eit sjansespel.

Det avgjerande spørsmålet i norsk landbruks- og matpolitikk må vere vår plass i den nye globale situasjonen. Etter vårt skjøn må politikken byggje på tre hovudelement, at me gjer oss så lite avhengige av andre som råd, at me intensiverer arbeidet for global utjamning og ei framtid innanfor naturens tåleevne og at me aukar vår eigen matproduksjon.

Det inneber også at Norge – og andre land - må føre ein landbruks- og fiskeripolitikk der omsynet til eige lands innbyggjarar har første prioritet. I ein slik overordna politikk er landets natur grunnlaget for matpolitikken. Eit land som vårt, med rause fiskeressursar, mykje vasskraft og sparsame, men samtidig stabile landbruksressursar og lite sjukdomsutsett og forureina matjord, må leggje stor vekt på å sikre den landbaserte matproduksjonen landet over.

Matproduksjon i ein knapp og sårbar natur globalt og i vårt land inneber altså at den snevre marknadstenkinga ikkje kan vere grunnlaget for landbrukspolitikken. Omsyn til regulering, utjamning mellom små og store produsentar, mellom produksjonar og mellom produsentar med lettdriven og tungdriven jord må til.   

Desse grunnleggjande perspektiva manglar i meldinga. Difor er det heller ikkje råd å endre ho til ei akseptabel plattform for framtidslandbruket. Stortinget må avvise meldinga. I staden må dei påleggje regjeringa å arbeide for ein nasjonal landbrukspolitikk som løyser dei nasjonale og bidreg til å løyse dei globale utfordringane.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags