Folkefiende i kvit frakk?

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Hippokrates sin legeeid gjeld framleis: Maten skal vera din medisin, og medisinen skal vera maten din.

Når Nina C. Johansen og Tanja Kalchenko utropar Bollestad til folkefiende og sauekjøt til helseskadeleg matressurs, går vankunna over alle støvelskaft. Den norske sauen går tradisjonelt store delar av året på utmarksbeite utan påverknad av kunstgjødsel, glyfosat eller soya blanda med gjæringshemmande kjemiske stoff i båtlaster frå Brasil. Sauen er det husdyret som kjem nærast ein økologisk ressurs i norsk kjøtproduksjon.

Lengda på tarmen hos mennesket ligg mellom rovdyret og plantekonsumentane sin fordøyingskanal. Mennesket si helse klarer seg difor best med ein balansert kombinasjon av grønsaker og kjøt eller fisk. Særleg er grønsaker frå korsblomstfamilien viktige for å skilje ut avfallsstoff frå cellene våre. Eksempel er brokkoli, grønkål og kålrot.

Cellemembranane og cellene sine indre membransystem er bygde opp av fosfolipid med feitt som viktig ressurs. Feitt er i tillegg insulinnøytralt og tilfører feittløyselege vitamin som motverkar inflammasjonar i kroppen vår. Inflammasjonar fører til auka risiko for diabetes, hjarte-karsjukdom, kreft, diabetes og Alzheimer. Stabile cellemembranar skal ha både metta feittsyrer og langkjeda fleirumetta omega-3-feittsyrer av god kvalitet. Det er elles verdt å merke seg at for låge kolesterolverdiar hos ungdom gir ein umoden hjerne med aukande tendens til utagerande vold.

Dessutan treng vi mineral som arbeidsverktøy for enzym og antioksidantar i cellene sin energiproduksjon. I all mat laga av kornprodukt må mineral spaltast frå kornet sitt utilgjengelege minerallager. Det skjer når tilgang på vatn aktiverer enzymet fytinase over ein periode på eitt døgn. Dette blir ignorert i den kommersielle brødproduksjonen. Mineralmangel, og dermed svekka energiproduksjon, er ei viktig årsak til depresjon hos ungdom i dagens samfunn.

Viktige næringsstoff omgir seg frå naturen si side med strukturert vatn. Ved oppvarming av mat i mikrobølgjeomn blir varme skapt ved friksjon mellom vassmolekyl. I denne prosessen blir vatnet si naturlege plassering i det strukturerte vatnet fillerista. Resultatet er at næringsemne blir uattkjenneleg for næringsopptak. Etter eit mikrobølgjemåltid vil blodet sjå ut som om konsumenten har framskriden kreft, og det tar eitt halvt døgn før blodet normaliserer seg.

Noko av det siste frå helsefronten er oppslag på Dagsrevyen om at det er samanheng mellom overmedisinering og demens i eldreomsorga. Det er så visst mangt anna enn kamp mot norsk sau fagfolk i kvit frakk treng å ta tak i.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken