Lite virus kan velte stor tanke

Biologien og balansen – eller ubalansen – i økosystema trumfar ideologier, skriv .Kristin Sørheim, leder av samferdselsutvalget i Møre og Romsdal.

Biologien og balansen – eller ubalansen – i økosystema trumfar ideologier, skriv .Kristin Sørheim, leder av samferdselsutvalget i Møre og Romsdal. Foto:

Av
DEL

LeserbrevDa Covid19 vart verdskjent for sin eksistens og frykta for sin patogenitet, sprakk den litt, den bobla vi har bygd rundt oss i vår del av verda.

Vi har trudd at vi kan bekjempe alle farlege mikroorganismar. Vi har trudd at det økonomiske verdshjulet ville rulle og gå sjølv om eit lite virus dukka opp. Så vi brukte ikkje for mykje tid på skulen eller i den offentlege debatten på å skaffe oss kunnskap og forståing for biologiske funksjonar, for smitteoverføring, for balanse i økosystemet, for beredskap og tiltak for å beskytte folk og samfunn når slike hissige små organismar går til angrep.

Vi som har stelt med husdyrhelsa i landet i årevis, har arbeidd etter føre-var-prinsippet. Det måtte vi da EØS-avtalen opna for innførsel av levande dyr og planter, med stor risiko for å introdusere framande og sjukdomsframkallande artar.

Så husdyrnæringa og styresmaktene bygde opp overvakingsprogram og testsystem, kjørte informasjonskampanjar og laga forskrifter for å beskytte husdyra, dei ville dyra og menneska – innanfor det som var mogleg utan å bli definert som handelshinder. No skal dyrehelselova reviderast, og vi må igjen bruke kreativitet for å finne system som sikrar den gode norske husdyrhelsa, held forbruk av antibiotika nede og hindrar at mikroorganismane utviklar resistens mot medisinar som vi treng i krisetider.


Beredskap og føre-var-prinsippet kan også hindre noko av den økonomiske kollapsen. For slike pandemiar kjem vi til å få igjen. Og igjen. Eit lite virus kjem i vegen for den store tanken om grenselaus ferdsel og handel, fordi biologien og balansen – eller ubalansen - i økosystema trumfar ideologien.

Norge er i ein utruleg heldig situasjon, med vår enorme velstand og nasjonale formue. Så Staten hjelper som best den kan for at folk skal ha eit arbeid å gå til når krisa er på veg nedover igjen, så landet skal ha bedrifter og næringar som skaper inntekter i framtida. Så ungdommen får opplæring og kunnskap sjølv om tida står stille ei lita stund. Så folk som blir sjuke får hjelp. Så arbeidsledige har noko å leve av til dei kjem i arbeid igjen. Og så vi er betre førebudd neste gong.


Den som har skoen på veit best kvar den trykkjer. Difor er det dei administrative einingane kommunar og fylkeskommunar som vil ha ei nøkkelrolle for både å beskytte folk og å halde hjula i gang og sikre sysselsetting og ny og berekraftig aktivitet. Kommunane og fylka er store bestillarar av varer og tenester og er det aller beste og sikraste verktøyet staten kan bruke for å halde folk i arbeid, bedrifter i live og til oppgåver som det er viktig å løyse. Møre og Romsdal fylkeskommune har for sin del løyvd nesten 190 mill. kroner til tiltak som kan gje rask effekt for å sikre nærings- og samfunnsliv i fylket.


For at fylkeskommunane skal kunne bidra med motkonjunkturtiltak må det altså statlege løyvingar til. Møre og Romsdal fylkeskommune har ved fleire høve peika på det store etterslepet på fylkesvegnettet, knytt til tunnelsikring, bruer, ferjekaier og vegar, til saman 8,6 mrd. for vårt fylke. Å starte på arbeidet med å ta igjen dette er eit viktig motkonjunkturtiltak. Det vil styrke næringslivet på kort sikt i form av arbeid og på lengre sikt i form av betre framkome.


Møre og Romsdal fylkeskommune har drifts- og investeringsprosjekt som kan gjennomførast i 2020 og 2021, men som manglar finansiering. Prosjekta vil ha langsiktig positiv effekt på nærings- og samfunnsliv om dei vert gjennomført. Prosjekta vil kunne bidra til å kutte klimagassutslepp samtidig som dei skaper nye og opprettheld eksisterande arbeidsplassar.

Vi kan ruste opp og asfaltere vegar og utbetre flaskehalsar og gjennomføre trafikktryggingstiltak, oppgradere fortau, bygge ei rekkje gang- og sykkelvegar og ruste opp skulebygg og tannhelseklinikkar. Vi kan rassikre vegstrekningar som gjer at folk kan ferdast tryggare enn i dag. Vi kan bygge ut breiband til heile fylket og vi kan bygge el-ladestasjonar for bilar og bussar og båtar.

Vi kan sørge for at maritim næring får fleire oppdrag med å bygge null- og lågutsleppsbåtar. Vi kan støtte næringslivet som vil arbeide med ny teknologi og autonome arbeidsoperasjonar. Berre for å gje nokre døme.

Fylkestinget vedtok ei liste med tiltak som kan komme i gang i år og neste år, til ein verdi på 8-900 millionar kroner i oppdrag til lokalt næringsliv, om staten vil bruke oss. Borgund vidaregåande skule og rassikring av Trollstigen var to av dei store prosjekta vi spela inn. Det er arbeid som aldri vil vere bortkasta og som kan gjerast i koronatida.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags