Nett som reven med sitt dill-dall-holom, høyrest det ifrå allvitarane som marmande tyt om at vi på Sunnmøre er vestlendingar utifrå at Sunnmøre sorterer under Nordvestlandet. Underforstått er vi såleis attpå alt nordvestlendingar. Det er spesielt på Sunnmøre at det såleis vert oppført seg fjollete. Dette er beint fram som å skjemmast over Møre som namn og nemning.

Skal det skjemmast over noko, så må det ikkje minst vere NRK fjernsynet som presenterer hyllande sunnmøringar sitt vestlandstøv og stakkarslege vestlandskunne. Det tykkjest vere framandt for dei dette at det her på Møre i si tid var fire folkeland: Sunnmøre, Møre, Midtmøre, Nordmøre. Mellom mangt og mykje har vi også dette med Mørejarl-æraen. At det tidvis på grunn av administrative politiske påfunn har vore ulike storleikar med nemninga Vestlandet, rettferdiggjer ikkje tukling med det historisk geografiske. Ein hadde venta at ikkje minst dei som meiner seg å vere kapable innanfor dei aktuelle felta hadde vore fagleg rimeleg oppegåande.

Tore Ørjasæter sitt velkjende dikt «Vestland, Vestland» er ein ode til slektsstaden Geiranger slik som den stod fram for han på heimstaden hans i Bråtådalen. Lokalt gjekk nemleg Geiranger under nemninga Vestland, og Ørjasæter sitt Vestland har såleis ingen ting å gjere med det geografiske Vestlandet som historisk står for området mellom Boknafjorden og Stadt. Diktet vert misbrukt når det blir songframført som hyllest til Vestlandet.

Ein må sørom Stad for å oppleve respekt for nemningane Møre og møringar. Slik har det blitt.

Fylket vårt har nå sjansen til å få tilbake det ærverdige namnet Møre. Amtsnamnet Romsdal som har stått tilføya ifrå 1935 må nå fjernast for alltid. I fylket vårt treng ein igjen byrje å sanse også den historiebundne geografiverda og vise respekt for vårt historiske og ærefulle Møre; det  einaste rette. Von dess.