Går Sp for Møreaksen?

Av
DEL

MeningerYnskjer dokke ein fylkesordførar frå Sp, der sentrale delar av deira parti vil ha Møreaksen?

På Syltemartnan var andrekandidaten til Sp til fylkestinget, Geir Inge Lien, klokkeklar på at han ynskjer Møreaksen. Det same har andre også tydeleg signalisert.

Kristin Sørheim forsøker febrilsk å framføre at Sp vil ha utgreiing av Romsdalsaksen, som eit ledd i å «redde» valget, men kan vi stole på Sp når deira ordførar både i Vestnes, Stranda og Misund hardnakka støttar Møreaksen?

Når eg på Syltemartnan i debatten, stod og såg kor «sinte» Sp folket i salen var når vi snakka om Romsdalsaksen, slo det meg at Sp-leiinga garantert «seiler under falsk flagg». Aldri i verden om Sørheim klarer å styre Sp gruppa til å stemme for noko anna enn Møreaksen, og det bør dei fleste vere klar over.

Ei stemme til Sp i fylkestingsvalget, er nok med stor sansynlegheit ei klar stemme til Møreaksen, dessverre.

Frp kjem til å gjere det vi kan for å skaffe eit så stort fleirtal som råd, for å få utgreidd Romsdalsaksen, flytebruer eller fortsatt ferjer. Vi legg ellers merke til at fleire begynner å verkeleg få kalde føter når konsekvensane av å leggje E-39 gjennom Molde by no kjem klart fram. Den enklaste måten til å hindre ei rasering av dei flotte områda inn mot Molde by, er å velge Romsdalsaksen.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags