Det handlar om å ha eit val

Av
DEL

LeserbrevDet nærmar seg val av skriftspråk ved skulane på Løykja og i Ålvundfjord. Debatten går om alt frå språkhistorie til lovverk. Men for meg verkar det som mange har gløymt litt kva denne debatten faktisk handlar om. Det handlar ikkje om det er nynorsk eller bokmål som er finast eller enklast, sjølv om det også er interessant. Det handlar faktisk ikkje om nynorsk eller bokmål som skriftspråk i det heile. Det einaste dette handlar om, er kva det har å seie for barna ved desse skulane og framtida deira, både i og utanfor skulesystemet.

Eg heiter Nora, er 17 år og tidlegare elev på Løykja. Eg har vore litt fram og attende med tanke på kva målform eg skulle skrive, men kom til slutt fram til at det var nynorsk som var språket mitt, og at det var der eg kjende meg mest heime.

Som ung nynorskbrukar har eg fått bruk for språket mitt mange stader. I tillegg til at eg skriv alt skulearbeidet på nynorsk, skriv eg nynorsk i alle fritidssamanhengar, på tekstmeldingar, Facebook og på e-post. Då eg skreiv litt i avisa for nokre år sidan, brukte eg språket mitt også der. Eg har aldri, og då meiner eg aldri, opplevd at nokon har vurdert det eg har skrive til å ha lågare kvalitet fordi det er på nynorsk. Då eg flytta til Molde for å gå på vidaregåande i fjor, tok eg nynorsken med meg dit, og eg har heller ikkje der fått negativ respons eller opplevd at nokon har sett på språket mitt som ei hindring.

Eg forstår at nynorsk kan verke vanskelegare enn bokmål, sjølv om nynorsk ligg nærare sunndalsdialekta og teknisk sett ikkje er det. Vanskeleg for elevar og foreldre, fordi dei ikkje har så mykje erfaring med det frå før, og det difor kan verke rart eller bortkasta. Men eg trur og meiner at gevinsten ved å kunne båe målformene frå starten av er mykje større og sparar elevane for mykje strev seinare i skuleløpet. For nynorsk skal ein heldigvis lære uansett, og det er ikkje lågare krav til elevane på ungdomsskulen og vidaregåande berre fordi nynorsk er nytt.

Vi har også mange stillingar og oppgåver som krev nynorskkunnskapar i dette landet. Det gjeld både statlege stillingar og private bedrifter. Skulesystemet er eit døme på dette. I offentlege jobbar er det eit lovfesta krav at ein kan svare på den målforma ein blir kontakta på, og det kan like gjerne vere nynorsk som bokmål.

Det handlar om at elevane skal ha eit val, meiner eg. Ikkje når dei er seks år eller 13 år, men når dei er vaksen. Eg meiner at ein, dersom ein kuttar nynorskopplæringa i barneskulen, tek dette valet for barna lenge før dei veit skilnaden på bokmål og nynorsk i det heile. For vegen frå bokmål til nynorsk er tung dersom ein ikkje har grunnkunnskapen, medan den motsette vegen er lett. Ikkje fordi nynorsk er vanskelegare enn bokmål, men fordi det diverre er mykje mindre synleg i kvardagen. Viss du meiner at nynorsken burde utryddast er det ein annan debatt. Men då er ikkje den beste måten å byrje på etter mi meining å ta frå barna våre den fordelen det er å kunne båe målformene, når vi først har vore så heldige å ha det slik i Ålvundfjord og på Løykja.

Eg er nynorskbrukar og stolt av det. Men eg kunne like gjerne ha skrive bokmål. Eg hadde uansett vore godt rusta, fordi eg har grunnkunnskapen i båe målformene. Eg er takknemleg for at eg fekk gå på Løykja med nynorsk som hovudmål, og eg håpar elevane i framtida også kan få gode føresetnader for å velje sjølv, uansett om dei vil skrive nynorsk eller bokmål. Det er opp til veljarane 9.september, og eg held pusten.

Godt val!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags