16 gode år i fylkestinget

Av
DEL

LeserbrevDet er i grunnen ein kjekk gjeng i fylkestinget som eg no vil takke for samarbeidet i dei fire siste åra.Trur vi stort sett har klart oss godt, og vi har som fylkesting, klart å samarbeide og skilje sak og person rimeleg godt.

Takk også til Jon Aasen som no går ut av politikken etter mange år, kjem nok til å savne litt han, sjølv om eg ikkje alltid har vore mykje einig i politikken i partiet som han forfekter.

Vi har også ein aktiv administrasjon som også ikkje skal gløymast, og gje ein takk for jobben dei gjer. Er nok ikkje alltid enkelt med kravstore politikarar i dei ulike sakene, men dei har si rolle.

I Møre og Romsdal har vi lite å skamme oss over. Vi bygger ut fylket både på samferdsel, vidaregåande skular, næringsutvikling og kultur, og har nok ei utvikling som mange regionar er misunnelige på oss for.

I perioden som kjem, vil nok det fortsatt vere dei store og regionale sakene som vil vere gjeldande. Fjordkryssinga over Romsdalsfjorden vil uansett verte ei stor sak framover, og dette sjølvsagt med bakgrunn i det enorme engasjementet frå innbyggjarane og næringslivet i heile fylket. Eg trur at klarer ikkje fylkestinget å lytte til innbyggjarane i denne saka, så vil vi slite med å holde fylket ihop.

Frp går til valg på å utgreie Romsdalsaksen, flytebruer og fortsatt ferjedrift, så får vi konkludere når svaret ligg der.

Vidaregåande skular er fylkets største driftsområde, og er eit område for vår region som vi verkeleg skal satse på. Nedlegginga og omstrukturering er ikkje eit tema for Frp, vi må kunne klare å utvikle dei vidaregåande skulane vi har i heile fylket, dette er viktig med tanke på å «sjå» heile fylket. FrP går til valg på å beholde alle dei vidaregåande skulane her i fylket, og fylle desse med godt innhold og tilstrekkeleg med ressursar.

Regionreforma har satt Møre og Romsdal som eigen region. Vårt fylke er ein svært sterk næringsregion, og er landets største eksportfylke. I den samanheng vert utbygging av heile E-136 svært viktig, og bruken av Nye Veiar AS vil vere ein mulig måte for å kunne realisere alle dei heilt nødvendige prosjekta på vegen frå Ålesund til Oppland grense. FrP går til valg på at Nye Veier AS skal få tilført strekninga Ålesund- Oppland grense og til Molde i sin portefølje, slik at vegane vert bygd rask, billig, trygg og med ny miljøteknologi.

Fylket har ikkje behov for å bli «teppelagt» med bompengar, og det er veldig bra at bompengeplanane i Ålesund på fyrst 7 milliard, så 4 milliard, vart stoppa av samferdselsministeren og krava frå regjeringa. Frp kjem i neste periode til å gjere det vi kan for å hindre bompengar og bypakkar i vårt fylke!

Skal Møre og Romsdal lukkast som eigen region og hindre fylket i å bli splitta, så må vi evne å sjå heile fylket. Vi blir heilt nødd til å fordele også fylkeskommunale arbeidsplassar betre i fylket. Nordmøre og Kristiansund må kunne få betydeleg med arbeidsplassar no når STVV med 133 stillingar går over til fylket. Ålesund må også kunne få sin del. Campus Kristiansund er ei god lokalisering for fleire slike arbeidsplassar til Kristiansund, og her burde vi kunne tilføre 50 nye stillingar innan samferdsel og kanskje heile kulturavdelinga.

Til Ålesund kan også meir til Samferdsel bli fordelt, men kanskje kunne næringsavdelinga ligge på NMK. FrP går til valg på å sjå heile fylket, og fordele også fylkeskommunale arbeidsplassar til Kristiansund, Molde og Ålesund.

Det har vore mykje støy ikring sjukehusa våre her i fylket i lengre tid. No håpar eg at ein snart får sett igang med bygginga av nye Molde sjukehus, men samtidig får etablert eit godt helsetilbud med fødeavdeling og nødvendige tjenester rundt dette i Kristiansund. I Ålesund og i Volda er det også ein heilt nødvendig utviklingsplan på 1,8 milliard kr som må på plass. Ålesund sjukehus samt Volda sjukehus, må ikkje bli skubba ut «i kulden» og gløymt, i prosessen vidare. Dette blir ei svært viktig sak for oss i Frp, og nytt sjukehus i Molde skal byggjast snarast råd, men då må vi også ha full fokus på Kristiansund og Nordmøre, og Ålesund og Volda her på Sunnmøre. Så får vi sjå kva dykk innbyggjarar seier i valget, ang. kven som skal styre Møre og Romsdal fylke dei neste fire åra.

FrP er oppteken av dei politiske sakene, og driver vårt engasjement med bakgrunn dette. Andre parti legg vi merke til er opptekne av helt andre områder, slik som posisjonar og fokuset på kven som skal ha « makt». Dette meiner vi blir aldeles feil fokus!

Vi gleder oss over at vi bur i eit svært godt fylke med mengder av arbeidsplassar og muligheiter, og ein fantastisk natur som vi verkeleg kan nyte over heile fylket.

Som fylkesordførarkandidat så veit alle kva dokke får med meg i dei fire neste åra i fylkespolitikken her i fylket. Eg er nok ein klar og tydeleg politikar som står på dag og natt for eit så godt Møre og Romsdal fylke som mogeleg. Ikkje sikkert alltid eg har rett, men eg trur eg evnar å lytte til andre synspunkt og fakta, og kan skifte meining dersom dette fører til noko bedre. Romsdalsaksen saka er eit døme på dette, då det var eg som var fyrst ute og såg at det muligens var feil det vi gjorde i NTP i 2017. Og, jøye meg ka kjeft eg har fått for dette opp gjennom åra,- men no er det jammen godt å sjå at eg likevel fekk rett og har folket med meg her i fylket i denne saka.

Håpar alle brukar stemmeretten sin, -eg skal gjere så godt eg kan vidare, no når eg er på veg inn i min femte valperiode i fylkestinget. Eg skal forsøke å gjere så godt eg kan for deg som innbyggjar.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags