Svar til Marcus Stamnes, diverse «Palestina»

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.I Tidens Krav 2. november kjem Marcus Stamnes  med nokre synspunkt i eit svar til meg. Vil gjerne få koma med nokre presiseringer:
Namnet «Palestina» har vore bruka både om eit mandatområde, om vekslande landområde til ulike tider og om organisasjonen PLO. «Palestina» har aldri vore ein stat.  I år 135 e.Kr. vart eit stort område i Midtøsten, utan definerte grenser, kalla «Territoriet Syria-Palæstina».

Akmad Shukeiri, assisterande generalsekretær i Den arabiske liga (1950-56), sa til FNs Sikkerhetsråd i 1956: «Det er alminnelig kunnskap at Palestina ikke er noe annet enn det sørlige Syria.»

Ein stat derimot har definerte grenser og hovudstad. Ein slik stat med namn «Palestina» eksisterer difor ikkje og har heller aldri eksistert. I 1988 begynte FN å kalle «Den palestinske frigjøringsorganisasjon (PLO) for «Palestina». Arabarane har pressa på for å få FN til å gi organisasjonen medlems-status i FN. Men organisasjonen har «berre» lukkast i å få observatør-status. Ein stat som ikkje eksisterer kan sjølvsagt ikkje få medlems-status i FN.

Ved fredsoppgjeret etter 1. verdskrig vart fem land «fødd» i Midtausten: Syria, Libanon, Irak, Trans Jordan/Jordan, og Israel som vart gjenoppretta etter internasjonal lov den 14. mai 1948 og innlemma som det 59. medlem i FN i mai 1949.

Samrøystes vedtak i Folkeforbundet 24. juli 1922 definerte Israel grensa mot aust langs Jordanelva og mot vest Middelhavet. Fritjof Nansen røysta på vegne av Noreg. Vedtaket etablerte Folkerett, eit anna ord for internasjonal lov. Alle medlemslanda i Folkeforbundet, inkludert Noreg, er forplikta på dette vedtaket. FN vart etablert i 1945 med den norske utanriksministeren Trygve Lie som den første generalsekretæren. FN-pakta artikkel 80 låste fast at legale rettar som vart oppnådd i mandattida, ikkje kan gjerast ugyldig i ettertid. Det vil seia, det står fast at den legale eigedomsretten til områda mellom Jordanelva og Middelhavet har jødane fått. Arabarane fekk områda omkring.

Ei rettskraftig tildeling av landområde, på same måte som ein rettskraftig dom, blir ikkje endra i ettertid om enkelte er usamde i dommen. FNs generalforsamling kan heller ikkje rokke ved rettar som er tildelt etter internasjonal lov.  FN kan berre koma med resolusjonar som ikkje er bindande vedtak.

Mange kjem i skade for å tale som om det eksisterer ei «1967-grense». Det har aldri eksistert ei slik landegrense. Det dreier seg om våpenkvile-lina, «Den grønne linje», mellom Jordan og Israel som vart signert 3. april 1949, Jordan presiserte at ingen måtte oppfatte «Den grønne linje» som landegrense. Når det likevel blir snakka om «1967-grensa» som ei landegrense, så blir det feil. Våpenkvile-linja vart fjerna i juni 1967. Da vart aust- og vest- Jerusalem igjen sameina, og Judea og Samaria (som Jordan i 1950 begynte å kalle «Vestbredden») vart frigjort etter å ha vore okkupert av Jordan i 19 år.

Oslo-avtalen 1993 delte Judea og Samaria i tre dels kompliserte område, A, B og C. I område A fekk arabarane (populært kalla «palestinere») suverenitet. I B fekk arabarane sivil suverenitet, medan jødane har tryggingskontrollen. I område C fekk jødane suvereniteten.

I A og B er det forbode for jødar, men i C får også fleire titals tusen arabarar bo. Artikkel 27 vedlegg III i Oslo II avtalen 1995, gjeld «bestemmelser om arealplanlegging regulering og fullmakt til å bygge i territoriene».  Artikkelen har ikkje forbod mot at jødane bygger i område C eller forbod mot at arabarane bygger i områda A og B. Fordelinga vart akseptert og signert av Ytzahk Rabi og Y. Arafat 28.08. 1995. Og FN anerkjente avtalen!

Elles får vi sjeldan høyra at organisasjonane Den arabiske liga, Fatah, PLO, Hizbollah og Hamas alle har, ifølgje sine sharter, som overordna mål å utslette Israel,. PLO seier at «ødeleggelsen av Israel skal skje ved væpnet makt» (art 7). Hizbollah har utplassert over 100.000 rakettar på sivile plassar i Libanon, retta mot Israel. Hamas seier: «Israel vil bestå inntil Islam utsletter landet.» (s.1) Og «Det endelige mål er Islam» (art 5). I «palestina»-arabiske fengsel er det forbode å rapportere brot på menneskerettane. («palestina»-arabaren Bassem Eid).

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken