Kan eg bidra til eit blomstrande Tingvoll?

Gunnar Waagen, Tingvoll KrF.

Gunnar Waagen, Tingvoll KrF.

Av
DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Les TK digitalt i 5 uker for 5 kr! Få tilgang til plussartikler.

LeserbrevSvært mange bidreg kvar dag til at Tingvoll er ein svært god kommune for dei fleste av oss.  Men har du tenkt over kva kvar av oss kan gjera for at det går enda betre?

I ein interpellasjon i kommunestyret tok vi opp at vi politikarar og administrasjonen brukar storparten av tida vår til å diskutere bruk av pengar, - berre i mindre grad korleis vi kan ha fokus på og forbedre inntektssida til kommunen. Og det er eit paradoks, - for vi veit alle saman at vi bør skaffa oss inntekter før vi brukar pengar ...

Kvar vil vi med dette? Jau, - vi veit at antal innbyggarar avgjer mykje av kva vi får av statlege overføringar. Skatteinntektene får vi frå ein del av inntektene til kvar enkelt innbyggar og frå overskotet til bedriftene med forretningsadresse Tingvoll.

Og her er vi ved vår intensjon: Dersom vi alle er flinke til å benytta dei tilbuda vi har i næringslivet vårt, så går det betre i næringslivet og fellesskapet får større skatteinntekter både frå fleire ansatte og frå overskuddet i bedriftene. Vi har mange bedrifter innafor ymse service, produksjon, entrepenørskap og handel. Det er lett for at vi tek tilbuda vi har i dag som sjølvsagt, - men det er skummelt, for dersom vi ikkje brukar næringslivet vårt aktivt, kan vi risikere at fleire av tilbuda forsvinn, - og det taper vi alle på.

Bli med å ta vare på og bidra til vekst og utvikling med bevisste valg !

Vi har mange ildsjeler i Tingvoll som gjer ein kjempeinnsats, og vi kan alle bidra litt … Det er mange ting i eit lokalsamfunn som er gratis, - eit smil, eit klapp på skuldra, oppmuntrande ord, at vi tek oss tid til kvarandre bidreg til bolyst og inkludering som  igjen fører til at færre flyttar frå Tingvoll og fleire vil busetja seg.

KrF i Tingvoll vil at vi alle skal bevisstgjera oss på at vi  kan ta kloke valg i kvardagen,  - og så vil vi prøve å få også våre politikarkollegaer til å bidra som positive forbilder og til å ha større fokus på inntekter som igjen vil bidra til ein attraktiv kommune !!!

Ei velmeint helsing frå KrF-gruppa i Tingvoll.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags