Frå ein lokalpolitikar til ein annan: Eg bed om at de tenkjer dykk nøye om

Av
DEL

MeningerGode kommunestyrerepresentantar, gode folkevalde!

Frå ein lokalpolitikar til ein annan: Eg bed om at de tenkjer dykk nøye om før de går til røysting om ny reguleringsplan på Raudsand.

Eg vart sitjande og sjå på ein filmsnutt i dag. Ein ny reklamefilm for Nesset og alt kommunen har å by på. Då eg såg panoramabileta av fjordidyll og hyggelege aktivitetar frå vassdrag til fjelltoppar, slo det meg: Eg skjønar at for fleirtalet av dykk ligg deponiet med miljøgifter godt gøymt i ein fjern bakgard. Men for oss ligg det midt i glaninga, i forgarden vår, innkøyrsla vår, hagen vår – til bringebærdyrkaren, sauebøndene, fiskeoppdrettarane, til oss vanlege folk.

Når eg står på tunet på slektsgarden eg har gifta meg inn i, ser eg rett over til deponianlegget. Det er mine ungar som badar i fjorden ein sommardag. Det er nevøen og niesa mi som ror midtfjords og prøver fiskelukka. Det er oss frakteskipa skal passera.

Omdømmebygging og bulyst

Me er vane med store skip på fjorden vår. Men me er ikkje klare for ein auke i talet på frakteskip med uviss last forbi heimane våre. Eg vil ikkje lura på kva for farleg avfall som er om bord og om me bør halda ungane vekke frå fjorden i dag. Eg vil ikkje at svigermor mi på åtti år skal sitja og sjå ut stoveglaset sitt og måtta vera redd for at det skal gå eit ras på Raudsand. Det er vanskeleg å førestilla seg ei flodbylgje eller annan dramatikk i den fredelege fjorden, men eksplosjonen som slo inn ruter her borte på syttitalet er ikkje gløymt.

Eg vil ikkje at det nyetablerte naboparet skal ombestemma seg og busetja seg i byen i staden. Eg vil ikkje at produsentane av tradisjonsrike band til nasjonaldraktene våre, veveriet som dekkjer kongens bord, produsenten av verdas beste ost, verdas leiande eksportør av fiskeegg, norsk senter for økologisk landbruk, leverandørane av råvarer til Midt-Noregs finaste restaurantar og den nyskipa reiselivssatsinga skal sjå seg leie på slitet med å halda oppe eit godt omdømme dersom staden ein held til på skal assosierast med miljøgifter.

Naturbaserte næringar er viktige i området vårt. Nykkelorda er rein norsk natur, økologi, nordmørsidyll, fjord, fjell, det nære og det me har kjært. For oss får desse orda ein hòl lyd når den same fjorden som me byggjer liva våre rundt, er staden der andre skal få dumpa avfallet sitt.

Ansvarleg og framtidsretta

Tingvollfjorden er ein sårbar fjord. Økosystemet i den er allereie hardt pressa (Miljødirektoratet, NIVA m.fl.). Løysinga er ikkje å gje den opp – det er ikkje ansvarleg og framtidsretta å tenkja at «då kan me like gjerne halda fram med å sleppa ut, fylla opp, selja og tena til siste rest er oppbrukt». Natur funkar ikkje slik. Den kjem attende og bit oss i ræva, for å seia det på ein folkeleg måte. – Dersom me ikkje tenkjer langt fram og evnar å vurdera risiko og konsekvensar. Det trur eg me er i stand til å gjera. Me er alle nøydde til å ta innover oss det ansvaret me har. Særleg me som har fått høvet til å bestemma på vegner av andre.

Innovativ næringsutvikling

Eg trur me kan vera samde om at godt naboskap er viktig. Ifylgje SSB er det i kommunane langs fjorden om lag 1100 registrerte verksemder og kring 6000 sysselsette. Er de, naboane våre, villige til å setja desse arbeidsplassane på spel for å oppretta eit uvisst tal stillingar med uviss framtid? Forsking og innovasjon er òg mellom nykkelorda for mange av verksemdene «våre». Eg vil ikkje at desse verksemdene skal flytta næringa si ut av regionen vår. Me treng kompetansen deira.

Den veksande trenden i industrien er å utnytta innovativ kompetanse til å finna løysingar for utsleppskutt. Avfallshandtering og attvinning skal i aukande grad skje på staden, mellom anna via den metoden ein skriv at ein ynskjer å prøva ut på Raudsand (Halosep-metoden, stenametall.se). Det er beundringsverdig at aktørane bak reguleringsplansøknaden vil sikta seg inn mot slik sirkulærøkonomi og grøn næring. Men er denne reguleringsplanen det rette for det? Finst det betre løysingar enn eit arealkrevjande anlegg lokalisert nett her? Er det miljøvenleg og risikofritt å frakta avfallet lange vegar langs Norskekysten? Om ein har fylgd med i nyhenda dei siste vårstormande månadene vil ein i alle fall kunna svara på kva ein tenkjer om det siste. Kan kompetansen brukast på annan måte?

Me i Tingvoll har full forståing for at det er forlokkande med arbeidsplassar. Eg trur alle politikarar kjenner ei plikt til å leggja til rette for lokalt næringsliv. Men om de snur blikket og ser framover, ser de kanskje at det finst andre vegar å gå, det er fleire måtar å driva næringsutvikling. Det finst andre løysingar for å handtera farleg avfall enn å frakta det over vêrhardt hav til inst i ein fjord. Og om de ser rett rundt dykk i dykkar eigen kommune, vil de sjå at de allereie har folk og verksemder som satsar. Som byggjer vidare på naturressursane i staden for å jobba mot dei. Kva med å heller oppmoda dykkar eigen produsent av mineralvatn til å etablera Nessets eigen versjon av Farris bad? Det trekkjer i alle fall fleire turistar og potensielle innbyggjarar enn ein kommune med eit frynsete rykte.

Eg synest me har måtta ta mange kampar her på Nordmøre i det siste. Det er ikkje enkelt å halda bulysta oppe når grunnlaget for det livet ein freistar å byggja seg på bygda stadig vert sett på spel. Eg håpar de vil røysta nei til reguleringsplanen og dermed røysta ja til eit godt naboskap og eit godt livsgrunnlag for oss alle her rundt fjorden.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags