Sunnmørsposten og styremøtet i HMR

Av
DEL

LeserbrevSvar til Sunnmørspostens kommentar 27. mars om styremøtet i Helse Møre og Romsdal 26. mars vedrørende nedleggjing av fødeavdelinga i Kristiansund. Sunnmørspostens overskrift: «Gir seg over til avmaktens raseri». Og: «Ett av forslagene var til og med å utsette effektueringen av nedleggelsen til man kunne gi noe tilbake til Kristiansund. Dette var en utstrakt hånd som nordmørskommunene nå trolig nekter å ta imot».

Eit forslag om å utsetje vedtak om nedleggjing av fødeavdelinga i Kristiansund kom opp under møtet, men vart trylla bort undervegs i den mest kaotiske møteleiinga eg har opplevd. Fødeavdelinga er vedtatt nedlagt FØR det nye sjukehuset i Molde er på plass! Stikk i strid med føresetnadane! Og grunnen er eine og åleine økonomiske innsparingar.

Raseriet som har oppstått på Nordmøre etter den hårreisande sakshandsaminga har eg stor forståing for. Det har tydelegvis ikkje Sunnmørsposten. Det einaste som vart antyda som plaster på såret for tap av fødeavdelinga var at Kristiansund kanskje kunne få behalde noko «elektivt», som kan vere den solide og godt innarbeidde ortopediske avdelinga, men dette vart ikkje stadfesta.

I ein oppheita debatt grunna svik bør ikkje Sunnmørsposten konkludere på førehand om kva som blir konklusjonen på Nordmøre på dette, men ha forståing for tragedien i å bli svikta. Fødeavdelinga er altså tapt årevis før det var forutsett. Og eit spørsmål som melder seg med tapet av fødeavdelinga er kor lenge Nordmøre får behalde barneavdelinga. Kanskje den utstrekte handa vil ta meir før ho kanskje gir ein trøystepremie? Har Sunnmørsposten vore inne på den tanken?

Eg har stor forståing for raseriet og fortvilinga dette har medført på Nordmøre. Det har tydelegvis ikkje Sunnmørsposten. Nordmøringane berre «gir seg over til avmaktens raseri». Dette er den negative måten å sjå det på. Kan det kome noko positivt ut av dette raseriet? Det ser eg ikkje bort ifrå. Eg trur ikkje nordmøringane berre gir seg over utan å gjere noko med situasjonen. 

Eg sakna litt bakgrunnsstoff og litt nordmørsvinkling i denne kommentaren. Sjølv på Sunnmøre. Og overskrifta er unødvendig negativ, og eit teikn på at forfattaren ikkje har tolka situasjonen rett. Vi får sjå då om raseriet utløyser makt eller avmakt. Sunnmørspostens vinkling og ordbruk er ikkje oppskrifta på å løyse opp i den fastlåste fogderistriden. Frå før ber Nordøyvegen og den håplause og nordmørsfiendtlege Møreaksen («Moldeaksen») bensin til bålet. Snubletrådane som trugar eit funksjonsfriskt fylke står altså i kø. Så det er viktig at vi har empati med kvarandre, og tenkjer over korleis vi omtalar kvarandre.

Eg sluttar meg til konklusjonane i ansvarleg redaktørs kronikk i laurdagsavisa, «Tillit må vinnast kvar dag» – seier ein sunnmøring som har budd på Nordmøre sidan 1990, og har sett forskjellige variantar av fogderistriden.

PS: Sunnmørspostens kommentar var ikkje så gjennomgåande negativ som overskrifta tilseier.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags