Sjukehus aka butikk?

Styreleder Ingve Theodorsen (til venstre) og adm.dir. (konstituert) Nils Kvernmo i Helse Møre og Romsdal.

Styreleder Ingve Theodorsen (til venstre) og adm.dir. (konstituert) Nils Kvernmo i Helse Møre og Romsdal. Foto:

Av
DEL

LeserbrevHelseminsiter Høie, er du vaken?

På styremøtet den 12. juni i HMR vart sjukehusa omdefinerte til butikk. For ei fornerming mot alle oss fagpersonane som dagleg driv rein pasientbehandling. Og for ei nedlatande haldning overfor alle pasientane. «Å følgje budsjettet, det er slik vi er nøydd til å drive ein butikk», sa styreleiar Ingve Theodorsen.

No må du gripe inn, helseminister, og hindre at Møre og Romsdal sitt helsevesen vert sentralisert vekk og eksisterande fagkunnskap vert skadelidande. Ser du, helseminister, at dette ber den vegen høna sparkar?

Har eg tillit tilstyreleiaren? Nei. Har eg tillit til konst direktør? Nei. Har eg trua på at du Høie kan ordna opp? Tja, nei – si det du!

Ja takk til Kristiansund -, Volda -, Molde - og Ålesund sjukehus. Nei ellers takk til SNR, butikkdrift, rovdrift på personale og helsebyråkratar som sit i sentraliseringsskodde og sjonglerar på tal.

Nå er det nok! Meir enn nok faktisk! Vi fagpersonane slutta å leika butikk idet vi starta på barneskulen. Eg forventar det same av dei som sit og styrer helsevesenet vårt. Høie, rist av deg tornerosesvevnen og ta ansvar!

Sissel Anita Øyen Hareide

sjukehusfysioterapeut

Volda

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags