I have a dream: Fortsatt fire sjukehus

Av
DEL

LeserbrevTil Dykk politikarane, med Høie i spissen, som framleis berre sit på gjerdet inntulla i tjukk sentraliseringsskodde!

Sentralisering er i ferd med å øydeleggja Noreg, spesielt Distrikts-Noreg. Helseføretaksmodellen er Høgre og Ap si kvilepute for å sleppe å ta ansvar. Høie og Støre er bremseklossane som nektar å sjå at spesialist- og primærhelsetenesta lir og kjem til å lida så lenge dette elendet berre fortset.

Kvifor så stor rigiditet? Kvifor ikkje evaluering av finansieringsmodellen? Kvifor ikkje stadleg leiing på kvart sjukehus? Kvifor stadig aukande byråkrati samstundes som stillingstopp og nedbemanning der direkte pasientbehandling skjer? Ser ein ikkje at sentraliseringa saman med samhandlingsreformen er med på å knekkja fastlækjartenesta og det førebyggjande arbeidet ute i kommunane? 

Møre og Romsdal kan leva særs godt med fire sjukehus. SNR er absolutt ikkje naudsynt for eit godt helsevesen. La Molde og Romsdal få seg eit nytt mindre lokalsjukehus på storleik med Kristiansund N og Volda. Lat Kristiansund N behalde fødeavdelinga mm. Puss opp og bygg ut det som egentleg har vore planlagd i Ålesund og Volda.

Debatten på Stortinget den 14. mai vart for meg som fagperson i helsevesenet ei heller selsom affære å vera vitne til. Av alle debattantane var det for meg fire som virka truverdige: Frp sin Engeli Johansen samt trekløveret Toppe, Lien og Lundteigen frå Sp. Voteringa var ei heilt anna sak. Skuffande, og mange feiga ut.

Styremøtet i HMR 15. mai: Eg trudde fakta hadde legi på bordet i lang tid. Kvifor slik uthaling, seigpining, utsetjing, taktikkeri … Kva trur dykk at dette gjer med alt fapersonale, rekruttering, fogderistrid, samarbeid sjukehusa imellom, ikkje minst pasientane og folket i fylket?

Kvifor skal ein (les: Høgre) trumfe igjennom SNR koste kva det koste vil?

Skal tru om ikkje HMR hadde hatt meir pengar å rutte med om ein hadde vore tilknytta Helse Vest og ei annleis tolkning av finansieringsmodellen og/eller ein nedskalerte sjukehuset på Hjelset?

Sissel Anita Øyen Hareide

Sjukehusfysioterapeut, Volda

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags