Stenging av åtte sjukeheimsplassar

Av
DEL

LeserbrevI møte 28. november valde formannskapet i Surnadal å følgje rådmannen si tilråding og gjekk inn for midlertidig stenging av åtte sjukeheimsplassar. Det har ikkje mangla på åtvaringar. HHO og eldrerådet har i sine innspel til budsjettet for 2018 understreka at ein bør tenkje seg grundig om før ein går til det steget å redusere talet på institusjonsplassar innan pleie- og omsorgstenesta i kommunen. Spørsmålet ein kan stille seg no er om formannskapet har tenkt seg godt nok om? Fagteam og tilsette har skreve brev og lesarinnlegg der dei har gjort greie for konsekvensane. Det kan i verste fall resultere i kø og fleire liggedøgn på sjukehus etter utskriving og kostar 4.000 kroner døgret. I år er det 12-13 slike døger, men blir det over hundre vil det kome til og merkast i betydeleg grad. Elles er det verdt å nemne at framskrivingstal frå SSB viser at talet på 80-åringar vil auke sterkt i Surnadal frå 2019-2030. Auken er er betydeleg større enn landsgjennomsnittet. Vidare er det slik at mellom dei  eldste eldre vil det vere fleire som blir demente. Mange av desse kan ikkje bu i eigne husvære. Formannskapsvedtaket går ut på at stenginga av sjukeheimsplassane er mellombels. Er er redd for at dette vil føre til permanent nedlegging. Eg blir glad om eg tek feil.

I avisa Driva av 29. november (s.5) kan ein lese at nabokommunen Sunndal går inn for å skjerme åtte midlertidige sjukeheimsplassar. Altså det stikk motsette av kva formannskapet i Surnadal går inn for. På leiarplass i avisa Driva av overnemnde dato (s.6) heiter det: «I en verden der vi blir stadig eldre, er det naturlig å tro at behovet for reine institusjonsplasser vil øke. Det må derfor være lov å uttrykke skepsis over den omleggingen av aldersomsorgen en nå ser». Kloke ord av redaktøren dette!

14. desember blir budsjettet for Surnadal kommune for budsjettåret 2018 klubba gjennom. Eg er kjend med at FrP sin eine representant i Surnadal kommunestyre, Nils Petter Tonning, vil  sette fram eit forslag om å behalde dei 8 sjukeheimsplassane. Forslaget har ein dekkingsmåte som gjer at det samla budsjettet framleis vil vere i balanse. Det er håp i hengande snøre.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags