Kvifor sale på Skei?

Av
DEL

LeserbrevDet er ikkje lett å vite kva for språkland ein har kome til når ein ruslar rundt på Skei og studerer namneskilt, oppslag og reklame. For her er ikkje berre Surnadal Kulturhus eller «The King Tattoo», Datasenteret, Sparebanken eller «Hera shuset», men også salg og sale, og til og med «ryddesalg på utgående varer» og «final sale». Og kanskje også «final sale» på eige talemål, norsk språk og på konsekvent språk? Og sjølv om vi får vite at med «vårt gavekort er alti løsningen», og sjølv om vi blir oppfordra til «shop now and save» og kjøpesenterfirma lovar «successful living», så er andre oppslag meir tilbakelente og vil ha deg på Release konsert eller på Conditori. Heldigvis er det framleis også nokon som veit at du er og ønsker å vere norsk og er interessert i Blomster, Friluftsliv, Jakt og Fiske og tar deg fram til Småtteriet, Fagmøbler eller Sysenteret, eller til Hårsenteret eller Kløpper’n og får Hårpleie. For slike som er i stand til «å kast flasker» i glascontainern, heiter det «Tusen takk for hjelpen!» Og frå oppslagstavla skal du og vite at «Ønskjer du å snakke med nokon?» er «Den norske kyrkja» interessert i deg.

På Coop Extra og «Kjøkken & hjem» ropar sunnmøringen og hekkeløparen Karstein Warholm etter deg «Spis fisk», og om hotellet, Thon Hotel Surnadal (eller «tidligere Vårsøg Hotel – i majestetiske omgivelser») fortel datamaskina di at:

Trollheimen og Fjordruta er rett utenfor, med mulighet for sporty aktiviteter. Vi serverer en bugnende frokostbuffet. Det finnes også en bar og en bistro på hotellet. Online prisgaranti. Billige priser. Bli med i Thon Discovery. Fokus på miljø. Gratis frokostbuffet.

Oppslaget om årets storprosjekt på ungdomsskulen spør: «Kva om?» Og vi eldre kan kanskje spørre om ikkje næringsliv og organisasjonar kunne ta ein språk-dugnad og vurdere kva det vil seie for språk- og identitetsutviklinga til ungar og ungdom å vekse opp og leve i ein tradisjonsrik kommune med flott lokalt talemål, nynorsk administrasjonsspråk og postmoderne, anarkistisk språkforvirring mellom engelsk og konservativt bokmål innanfor organisasjonsliv, handel og næringsliv? Er det ikkje til og med slik at mange av kjøpesentra rundt om i landet blir administrerte frå Surnadal? Kunne ikkje godt og bevisst norsk administrasjons-, handels- og forretningsspråk også vere eit av kvalitetsfortrinna for kjøpesenterverksemd og for ein nynorskkommune?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags