Jordvern i sentrum

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevÅrsmøtet i Surnadal Sp meiner at Surnadal kommune, som er ein av dei største og mest aktive landbrukskommunane i fylket, må gå føre med eit godt eksempel når det gjeld vern av dyrka jord.

Vi innser at det ikkje er råd å være 100 prosent kategorisk på vern av matjord mot nedbygging, men vi meiner at det alltid må søkjast etter alternativ til å ta dyrkamark når det skal byggast vegar, bustader, næringsareal eller anna.

For ofte ser vi at det uklare omgrepet samfunnsnytte blir teke inn som eit argument som skal trumfe jordvernet, utan at det blir nærare grunna med berekningar. Vi krev at slik påstått samfunnsnytte skal grunnast godt før nedbygging kan bli aktuelt, og at det blir dokumentert at det ikkje finst eigna alternative areal til formålet.

I høyringsuttalar frå Fylkesmannen og Vegvesenet ser vi ofte at avstand til skule og offentlege tenester blir trekt fram som argument mot bustadbygging i grender utanfor sentrum, dersom det er råd å knyte det til jordvern i tillegg, er det vanskeleg å få byggeløyve.

Når det er spørsmål om nedbygging av matjord i sentrumsnære område ser ein heller ein tendens til at jordvernet må vike til fordel for samfunnsnytte  og kort veg til skule og offentlege tenester. Dette er ei haldning som bidrar til sentralisering av kommunane og til urbanisering av tettstadane våre ved at dyrka mark blir sjeldsynt i sentrumsområda.

Senterpartiet vil ha levande bygder og levande sentrum. Vi vil ta heile kommunen i bruk og utnytte ressursane våre til felles beste. Bygging av sentrumsnære bustader kan vi gjere utan å måtte bygge på dyrkamark.

Ja til jordvern i heile Surnadal kommune!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags