Bra eldreomsorg i Surnadal, men noko uroar

Av
DEL

Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

LeserbrevDet er mykje bra med eldreomsorga i Surnadal. Dei tilsette innan pleie og omsorgstenestene i kommunen utfører gjennomgåande eit framifrå arbeid. Ingen tvil om det, etter mi meining.

Først på oktober i år blei Surnadal kommune tildelt Omsorgsprisen 2017 for samarbeidsprosjektet «Samhandling på siste vakt». Det var assisterande fylkesmann i Møre og Romsdal som delte ut prisen. For same prosjekt er Surnadal saman med to andre kommunar i landet nominert av KS til «Etikkprisen 2017». Etikkprisen blir delt ut til ein kommune/bydel som gjennom «sitt systematiske etikkarbeid bidrar til å styrke brukernes verdighet og integritet gjennom å videreutvikle de ansattes etiske kompetanse og sensitivitet». Eg gratulerer så mykje både med omsorgsprisen og nomineringa til etikkprisen.

Så litt om det som uroar. Surnadal er no i sluttfasen når det gjeld arbeidet med kommunebudsjettet for 2018. Som sparetiltak er det foreslått å legge ned eit visst antall sjukeheimsplassar. 6-8 plassar har vore nemnd. HHO og eldrerådet har uttala at ein bør tenkje seg godt om før ein går til eit slikt steg.

Eg deler dette synet. Framskrivingstal frå SSB viser nemleg at talet på 80-åringar i Surnadal vil auke sterkt frå 2019 til 2030. Auken er betydeleg større enn landsgjennomsnittet.

Når ein så veit at talet på demente som ikkje kan vere heime åleine røynslemessig aukar mellom dei eldste eldre er det grunn til å tenkje seg om både ein og to gongar, minst, før ein går inn for eit såpass drastisk sparetiltak som nedlegging av sjukeheimsplassar er. Som kjend har Surnadal kommune lagd ned 20 institusjonsplassar på få år. 15 av desse plassane skriv seg frå nedlegginga av Stangvik aldersheim.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags